30.10.2002:
I artikkelen til Atle Fretheim og medarbeidarar i Tidsskriftet nr. 23/2002 om førebyggjande tiltak mot høgt blodtrykk kan ein lese påstandar om at det ikkje er godt underbygd at antioksidantar har nokon nytte i førebygging av høgt blodtrykk (1). For å etterrøkje om påstandane var rette, søkte eg på databasen www.third-line.com og fann 170 artiklar om antioksidantar, mineral, vitamin og diettbehandling ved høgt blodtrykk. Av desse artiklane vart følgjande råd anmerka som «allment aksepterte gjennom kontrollerte forsøk på mennesker»: vegetarmat, høgfiberdiett, det å unngå sukker, alkohol, metta...