Reorienteringsterapi – etisk uforsvarleg?

Gunnar Saunes Om forfatteren

Eg vil gjerne kommentere ein artikkel av Kari Ronge i Tidsskriftet nr. 21/2002, der temaet er homofili (1). Eg siterer frå ein resolusjon som fleirtalet i Norsk psykiatrisk forening har slutta opp om: «Homofili er ingen sykdom eller sykelig tilstand og kan derfor ikke være gjenstand for behandling. En «behandling» hvis hensikt er å endre seksuell legning fra homofil til heterofil, må betraktes som etisk uforsvarlig og hører ikke hjemme i helsevesenet» (1).

Først nokre fakta: Over fleire tiår har det vorte hevda at ca. 10 % av befolkninga er homofil. Dette er no tilbakevist i fleire undersøkingar, m.a. seksualvaneundersøkinga frå Oslo i fjor, der ein ut frå tala kan finne at under 1 % av den norske befolkninga er homofile og lesbiske (2). I ei britisk og ei fransk undersøking vart det funne at berre 1,1 % hadde seksuell erfaring med personar av same kjønn «siste året». Ei amerikansk undersøking viste i snitt 2,6 % (3).

Mange homoseksuelle har ein usunn livsstil med promiskuitet, med fare for livsfarlege smittsame sjukdomar, som HIV/AIDS og syfilis. Dei som har analt samleie (også heterofile), har særleg risiko for m.a. hepatitt B, giardiasis, amoebiasis, Chlamydia trachomatis og herpes simplex.

Alkohol- og stoffproblem hos homoseksuelle er tre gongar så vanleg som i resten av befolkninga (3). Ein forskar, Michael Bailey, skriv m.a. at homofile, lesbiske eller bifile har ein livsvarig risiko for sjølvmordstankar og -åtferd, alvorleg depresjon, generalisert angstliing, åtferdsproblem og trong til nikotin som ligg frå 2,8 til 6,2 gongar høgare enn hos heteroseksuelle (4).

Den engelske forskaren Patricia Morgan hevdar i si bok (5) at homoseksuelle foreldre har fleire partnarar, er meir valdelege og er årsak til større frustrasjonar hos borna enn heteroseksuelle foreldre. Andre forskarar har konkludert med at born som veks opp med homoseksuelle «foreldre», har 3 – 4 gongar så høg risiko for å bli homoseksuelle som born elles i samfunnet (6).

Den behandlinga som innleiingsvis vert beskriven som etisk uforsvarleg, er den såkalla reorienteringsterapien. Merton Strommen refererer i si bok (3) til Throckmorton, som i ei oversikt over alle publiserte rapportar om reparativ terapi i 83 vitskaplege fagtidsskrift konkluderer med at slik terapi har effekt og kan gjennomførast på ein etisk måte.

Dersom det kjem ein homofil som ynskjer å endre seksuell legning, skal vi då avvise han avdi ei slik behandling er «etisk uforsvarlig og ikke hører hjemme i helsevesenet»? Har ikkje vi som legar plikt til å hjelpe den einskilde til best mogeleg helse?

Eg synest det er trist at Norsk psykiatrisk forening har gjeve etter for homofile pressgrupper og teke eit standpunkt det ikkje er vitskapleg grunnlag for.

1

Ronge K. Norsk psykoanalytisk forening tar selvkritikk om homofili Tidsskr Nor Lægeforen 2002; 122; 2153 – 4.

2

Benestad Ø. Hvor mange er egentlig homofile? Sunnmørsposten 9.8.2002.

3

Strommen M. Kirken og homoseksualitet – en vei videre. Oslo: Luther Forlag, 2001.

4

Bailey JM. Homosexuality and mental illness. Arch Gen Psychiatry 1999; 56; 883 – 4.

5

Morgan P. Children as trophies. Newcastle-upon-Tyne: Christian Institute, 2002.

6

Australian Family Association. www.family org.au/journal/2001/j20010728.html (15.10. 2002).

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler