Uttøying?

Otto Inge Molvær Om forfatteren

I Tidsskriftet nr. 22/2002 (1) er det referert ein artikkel (2) som konkluderer med at tøying etter trening ikkje hindrar såre musklar eller skadar. Men har det nokon gong vore (hovud-)føremålet med tøying? Føremålet er vel i fyrste rekkje å hindre forkorting av musklar, sener og band, og såleis syte for gode leddutslag og fri og ledig rørsle. Det kan best gjerast når ein er varm i samband med trening.

1

Nesje SB. Sår tvil om effekten av uttøyning Tidsskr Nor Lægeforen 2002; 122: 2232.

2

Herbert RD, Gabriel M. Effects of streching before and after exercising on muscle soreness and risk of injury: systematic review. BMJ 2002; 325: 468 – 72.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler