Sturla Gjesdal

Minneord
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Sturla Gjesdal (f. 1952) døydde på Haukeland universitetssjukehus 11. desember 2020.

    Han tok medisinsk embetseksamen i Bergen i 1982 og doktorgraden i 2003, med avhandling om langtidssjukmelding og overgang til uføretrygd. Han forfatta også fleire artiklar i Tidsskriftet om emnet. I forskingsarbeidet var han knytt til Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen, først som forskar, og frå 2008 som professor i allmennmedisin. Han var assisterande fylkeslege i åra 1993–95 og rådgjevande trygdelege i perioden 1996–2003.

    Sturla har hatt ei stor legegjerning som allmennlege. Han var kommunelege og lege på Osterøy etter turnustenesta og deretter fastlege på deltid ved Eidsvåg legekontor i Bergen frå 1997 inntil han døydde. Han var kunnskapsrik og hadde ein lun humor som kollegaer og pasientar sette pris på. Han var også dedikert til rettleiing av nye legar og studentar. Det å rettleie turnuslegen på legekontoret også denne siste hausten var noko av det siste han ville gje slepp på.

    Sturla hadde stor omsorg for sine pasientar, spesielt for dei «som fall utanfor» i samfunnet. Hans langvarige virke som tilsynslege ved Bakkegaten bo- og omsorgssenter i Bergen er mindre kjent. Dette lågterskeltilbodet blir brukt av Nav for rusavhengige utan fast bustad. Lenge før rusmedisinen vart oppgradert og vart ein eigen spesialitet, stilte Sturla opp her. Som alltid snakka han lite om eigen ekstraordinær innsats: «De skal jo hjelpes, de også», var hans smålåtne kommentar.

    Vi som har kjent Sturla gjennom dei siste tiåra, undrast kvar han tok sin store mentale og fysiske styrke frå. Han gjennomførte til dømes 50 maratonløp før sin 50-årsdag. Dei siste femten åra vart Sturla ramma av alvorlege helseproblem, men han heldt fram aktiviteten som forskar og allmennlege, nærmast usliteleg. Kort tid etter ein stor operasjon var han i gang igjen på legekontoret.

    Sturla var eit samlingspunkt. Han likte spesielt godt å planlegge og organisere reiser med familien og nære venner. Sjølv under pågåande cellegiftkur fungerte han som eit reisebyrå og gjorde reiser i inn- og utland til spesielle opplevingar. Saman med kona Anne Kari samla han ofte vennekrins og familie til samvær heime. Med sine initiativ, sin integritet og empati sette Sturla opp eit ideal for dei som må gå vidare, og for neste generasjons legar.

    For venner og kollegaer ved Universitetet i Bergen og Eidsvåg legekontor

    PDF
    Skriv ut
    Kommenter artikkel

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media