Sars-CoV-2-infeksjon under svangerskapet

Hilde Engjom, Pétur Benedikt Juliusson Om forfatterne
Artikkel

Det er lite kunnskap om korleis infeksjon med sars-CoV-2 kan påverke tilstanden til mor og barn. No er det sett i gang ei utvida datainnsamling om gravide som vert innlagt på sjukehus.

Ved utbrotet av influensa A(H1 N1)-pandemien – svineinfluensaen – for ti år sidan vart det klart at gravide kvinner var særleg sårbare, med ein auke i alvorleg maternell og perinatal sjukdom og dødelighet (14). Norske registerdata frå utbrotet gav seinare eit godt kunnskapsgrunnlag for å tilrå gravide vaksinasjon mot influensa (5). Alvorleg sjukdom hos kvinna og komplikasjonar i svangerskapet ved infeksjon med sars-CoV-1 og mers-CoV har òg vore rapportert i kasuistikkar og sjukehusbaserte pasientseriar (69).

Ettersom sars-CoV-2 er eit nytt virus, har vi lite kunnskap om korleis infeksjonen påverkar kvinna og fosteret. Det er publisert pasientseriar frå tidleg fase i pandemien som skildrar behov for oksygenbehandling, intensivbehandling og seier noko om utfall for dei nyfødde (1012). Slike studiar kan raskt gi oversikt over behandlingsbehov, men har ikkje kontrollgrupper og er sårbare for seleksjonsskeivdeling (bias). Det trengst eit betre, populasjonsbasert datagrunnlag for å vurdere effekt av støttande behandling for gravide som treng sjukehusinnlegging, og for å sjå korleis intensivbehandling er relatert til behov for å forløyse kvinna eller utfall for fosteret dersom svangerskapet held fram.

Alle fødslar i Noreg vert meldt til Medisinsk fødselsregister. Fødselsmeldinga innheld informasjon om kvinna si helse før og under svangerskapet, komplikasjonar under fødselen og helsa til kvinna og barnet etter fødselen. Meldinga vert sendt frå fødeinstitusjonane etter fødselen og er dermed ikkje eigna til rask overvaking av kvinna si helse under svangerskapet. Folkehelseinstituttet er ansvarleg for registeret og har iverksett utvida datainnsamling om gravide med covid-19 som vert innlagt på sjukehus.

Det trengst eit betre datagrunnlag for å vurdere effekt av støttande behandling til gravide som treng sjukehusinnlegging

Folkehelseinstituttet har bede alle fødeinstitusjonane om å utnevne ein kontaktperson som varslar instituttet dersom ei kvinne med covid-19 vert innlagt. Koordinator ved Folkehelseinstituttet vil deretter ta kontakt for å registrere utfyllande informasjon om symptom og behov for støttande behandling samt utfall for barnet. Datainnsamlinga har heimel i forskrift om Medisinsk fødselsregister, og journalopplysningar kan dermed hentast utan kvinna sitt samtykke.

Ved sjeldne tilstandar er internasjonal samordning viktig for å sikre samanliknbare tal og kunne overvake sjeldne og alvorlege tilstandar. Den utvida datainnsamlingen ved Medisinsk fødselsregister er difor utforma etter ein mal frå The International Network of Obstetric Survey Systems (13). Malen er tilpassa norske helseregister i samarbeid med nasjonale fag- og forskingsmiljø, og tilsvarande datainnsamling er planlagt i dei andre nordiske landa.

Den første populasjonsbaserte rapporten som bygger på dette rammeverket, vart nyleg publisert frå den britiske gruppa (14). 40 av totalt 427 kvinner (9 %) hadde behov for respirasjonsstøtte i intensivavdeling, fire av desse fekk behandling med hjarte-lunge-maskin. Fem kvinner døydde, letaliteten (case fatality rate) var 1,2 %, og sars-CoV-2-assosiert mødredødelegheit 5,6 per 100 000 fødslar. Forekomst av spontanabort, dødfødsel og nyfødtdødsfall var hyppigare enn i kontrollgruppa, men på grunn av små tal var skilnadene ikkje statistisk signifikante. Ei datainnsamling i Noreg vil gi viktig informasjon om forholda her i landet.

Anbefalte artikler