T. Hole og medarbeidarar svarar:

Torstein Hole, Johan Barstad, Solfrid Teigen, Marit Kvangarsnes Om forfatterne

Takk for ein svært relevant merknad til vår artikkel. Dette er ei hovudproblemstilling for desse ØHD-sengene. Tilbodet skal vere eit alternativ til innlegging i sjukehus, og med minst like god kvalitet (for pasienten). Sitatet frå legen må ikkje trekkast for langt; det er faktisk diagnostisk tilbod i sengene slik vi erfarer det, og styrka legeteneste slik at fast lege er tilgjengeleg på dagtid med beredskap ettermidddag for dei fleste tilboda, og tilgang legevakt helg/natt. Men svært overvakingskrevjande pasientar, som krev hyppige legetilsyn gjennom heile døgnet, vil ikkje vere eigna for dette tilbodet. Kriteriene for innlegging i desse kommunane er at problemstillinga i hovudsak er avklart før innlegging. Vi vonar at vi i løpet av nokre få år kan ha gode data som også kan gje svar på denne svært viktige problemstillinga.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler