Tolking av serologiske testar

Dag Tveitnes, Reidar Hjetland, Knut Øymar Om forfatterne
Artikkel

I Tidsskriftet nr. 4/2013 var det ei tankevekkande sjukehistorie frå barneklinikken i Fredrikstad (1). Konklusjonen var at pasienten hadde skogflåttencefalitt (tickborne encephalitis, TBE). Historia illustrerer kor vanskeleg det kan vere å skilje infeksiøs frå autoimmun inflammasjon i nervesystemet, slik det vert poengtert i kommentaren til Ljøstad & Mygland (2).

Klinisk vert dette ytterlegare komplisert når ein har brukt intravenøst immunglobulin i behandlinga, som i dette tilfellet. Intravenøst immunglobulin-preparat inneheld ei rekke ulike antistoff, og preparat tilverka i Europa er rapportert å kunne innehalde varierande mengd TBE-virusantistoff (3). Etter slik behandling vil ein kunne finne falskt positive serologiske testar både for mikrobeantistoff og autoantistoff (4, 5).

Ved serologisk diagnostikk av skogflåttencefalitt vert positiv IgM-test åleine vurdert som eit usikkert funn, og det vert tilrådd oppfølgingsprøvar for å påvise serokonversjon for spesifikt IgG (6). Dette var gjort hos denne pasienten, og serokonversjon vart påvist.

Kan den observerte tilkomsten av anti-TBE-IgG her skuldast infusjon av intravenøst immunglobulin i tida mellom dei to prøvane?

Anbefalte artikler