Sakleg og tankevekkjande om tobakk

Tom K. Grimsrud Om forfatteren

Verdens, helseorganisasjon

The scientific basis of tobacco product regulation

Report of a WHO study group. WHO Technical report series no. 945. 112 s, tab, ill. Genève: WHO, 2007. Pris CHF 30

ISBN 978-92-4-120945-8

WHO har gjennom dryge 50 år gjeve ut «technical reports» med faglege vurderingar og råd frå ekspertgrupper på viktige medisinske felt. Ei gruppe har nyleg sett på det vitskapelege grunnlaget for regulering av tobakksprodukt, dvs. kontroll av den kjemiske samansetjinga i dei produkta tobakksindustrien tilbyr kundane sine.

Første tema gjeld tilsetjingsstoff. Tobakksindustrien har i mange land sett til smaksstoff og andre kjemiske produkt som kan gje røyken større appell til kvinner, barn og unge og gjere den første sigaretten mindre fråstøytande. For å halde industrien i øyra på dette feltet treng ein betre kunnskap om effekten av tilsetjingsstoffa både på røykevanane og på helsa.

Eit anna stort tema gjeld biomarkørar. Sidan mange av skadeverknadene kjem etter langvarig bruk, ville det ha vore til stor hjelp i reguleringsarbeidet om ein hadde sikre og tidlege teikn på skade. Biologiske prøver kan kanskje gje oss det, og dei kan òg gje betre mål for eksponering (tobakksbruk) enn den sjølvrapporteringa som har vore nytta i epidemiologien. Rapporten oppsummerer kva vi veit og kva det er naturleg å prioritere på dette feltet. Dei som skal stille krav til kjemien i tobakksprodukta, må truleg bygge på indisium og usikre haldepunkt lenge enno.

Siste tema for rapporten gjeld kontroll av giftige stoff i sjølve tobakksrøyken. Vi får lista opp ei rekkje stoff som produsentane bør måle og opplyse om til styresmaktene. Generelt reknar ein med at lågare nivå av desse stoffa gjev mindre skade, men det er langt att før ein kan seie korleis skadane varierer med den kjemiske samansetjinga. Strategien for å stille krav til tobakksrøyken og det ein treng av kunnskapar vert grundig gått gjennom i rapporten.

Det er eit viktig arbeid gruppa har gjort. Somme meiner kanskje det er uinteressant å diskutere detaljar ved kjemien til eit produkt som tek livet av halvparten av langtidsbrukarane. Men for samfunnet kan den potensielle helsegevinsten vere stor, og ein slik strategi for skadereduksjon er tenkt som del av ein større plan.

Rapporten kan vere til hjelp for politikarar, rådgjevarar, biobankar og forskarar. Men sjølv om kontrollen av tobakksprodukta først og fremst rettar seg mot tobakksindustrien, vert òg valfridomen til røykarane snevra inn. Arbeidet med innføring av røykfrie serveringsstadar i 2003 synte at tiltak som i dag er sjølvsagte for folk flest, vekte sterk motstand hos professorar som meinte dei visste betre. Eg vonar denne rapporten kan vekkje til debatt om kva som bør vere neste steg i arbeidet mot tobakksskadane.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler