A. Lied og medarbeidere svarer:

Arne Lied, Torstein H. Morstøl, Harald Vik-Mo Om forfatterne
Artikkel

Vi takker for kommentaren frå Einar Dale, der han understrekar at restenose er eit betydeleg problem etter koronar angioplastikk. Det blir etterlyst tiltak for profylaktisk reduksjon av restenose. I materialet vårt av eldre pasientar vart 11 % behandla på nytt pga. restenose (1). Koronar angiografi vart gjort ut frå kliniske kriterium, og basert på andre studiar kan frekvensen av angiografisk restenose ha vore meir enn det dobbelte. På landsbasis blir sannsynlegvis meir enn 500 pasientar behandla for restenose årleg (2).

Stenting har redusert frekvensen av angiografisk restenose til nær det halve (3), men også med bruk av stent er restenosefrekvensen høg og blir oppgitt til 10 – 58 %, avhengig av arterielesjon og pasient. Ei rekkje medikament har vore utprøvd som profylakse mot restenose, med negative resultat. Intravaskulær brakyterapi med bruk av beta- og gammastrålar har vore nytta, og kliniske studiar har vist reduksjon av restenose i stent med 50 – 60 % (4). Indikasjonen for brakyterapi i kliniske studiar har i hovudsak vore diffus restenose i stent, ikkje generell profylakse hos alle pasientar som får stent. Intravaskulær brakyterapi har hatt mange problem knytt til dosering, strålingsfelt og usikker langtidseffekt. Fagfeltet har derfor hatt ei avventande haldning til brakyterapi.

Det er store forventingar til bruk av stentar som lokalt friset medikament som hindrar proliferasjon av glatte muskelceller i stenten og dermed utvikling av restenose. Best dokumentasjon er det på bruk av medikamenta sirolimus (rapamycin) og paklitaxel. RAVEL-studien, presentert på kongressen til European Society of Cardiology i Stokholm i august 2001, viste at ingen pasientar behandla med sirolimus (rapamycin) i stenten hadde fått restenose i løpet av åtte månader, mot 26 % i kontrollgruppa. Behandling med stentar som friset medikament er eit stort gjennombrot i medisinen. Behandling med sirolimusstent er tatt i bruk også her til lands, i første rekkje hos pasientar, det er stor risiko for restenose. Prisen på desse stentane er i dag fire gonger normal pris, og dette vil diverre avgrense bruken.

Anbefalte artikler