Helge Danielsen Om forfatteren
Artikkel

Dermatoskopet er stetoskopet til hudlegen. Det vert brukt til diagnostikk av pigmenterte lesjonar, benigne og maligne tumorar, inflammatoriske dermatosar og ved infestasjonar. Dermatoskopet kan òg vere nyttig for allmennlegen, m.a. til skabbdiagnostikk (1, 2).

Ein skabbmidd er 0,2–0,5 mm i diameter. Den grev ein gang i epidermis, i hornlaget (stratum corneum), der den legg egga sine. Både midd og skabbgangar lar seg godt visualisere med eit dermatoskop som forstørrar ti gonger.

Når vi har funne ein mistenkt eller sikker skabbgang i lupelampen, ser vi denne tydeleg i dermatoskopet (grå pil). I enden av skabbgangen ser vi ein mørk trekant (svart pil). Dette er den framre delen av midden, med hovud, munn og frambein. Funnet vert omtala som deltateiknet, med referanse til den greske bokstaven Δ. Den bakre delen av middkroppen kan berre skimtast, då den er lys av farge og gjennomsiktig (kvit pil). Resten av skabbgangen slynger seg der midden har gravd seg gjennom epidermis.

Ved mørk hudtype er deltateiknet vanskelegare å sjå, men dermatoskopet visualiserer skabbgangen likevel godt.

Som alle prosedyrar krev dette trening, men har du først funne gang og midd i dermatoskopet ein gong, er dette lett å kjenne att seinare. I ein studie viste metoden sensitivitet på over 90 % også hjå legar med mindre erfaring med dermatoskopi. Talet på skabbpasientar som vart diagnostiserte ved vanleg klinisk vurdering, auka betydeleg ved bruk av dermatoskop (1). Når midden er lokalisert i lupelampe eller dermatoskop, kan ein fjerne og mikroskopere den. Dette gir heilt sikker diagnose. Metoden for dette, med tannlegesonde under dermatoskop, er vist i video.
 

Pasienten har samtykt til at artikkelen blir publisert.

Artikkelen er fagfellevurdert.

Anbefalte artikler