E. Sudmann og medarbeidarar svarer:

Einar Sudmann, Knut Rasmus Ramstad, Lars Birger Engesæter Om forfatterne

Vi takkar Korvald & Blom for kommentarane deira. Vi er einige i at Tor Christiansen gjorde eit pionerarbeid ved å konstruere ein ny protese.

Christiansen fann ikkje berre på nye tekniske løysingar, men han nølte ikkje med å ta dei i bruk i klinisk praksis. Tanken vår med artikkelen var å sikre kunnskap om denne utviklinga for ettertida, og ikkje minst å drøfte dei vanskelege vala konstruktøren måtte gjere. Hans kongstanke var å lage ein hemiprotese der metallhoftekula ved vanleg gange rørte seg lite mot leddbrusken i hoftskåla, men vesentleg i tappleddet – eit ledd mellom den kunstige hoftekula og ein sylindrisk tapp på proteseskaftet. Etter vårt syn valde han den ideelle tapp-skaft-vinkelen på 115°. Men Korvald & Blom ser ut til å meine at dette valet var uheldig, «collum-tapp-vinkel – 115° mot i dag 135°». Rett nok ville ein tapp-skaft-vinkel på 135° ha gjeve kula større stabilitet på tappen; di større vinkel, di større stabilitet. Men di større vinkel, di meir ville kula gnu mot brusken i hofteskåla ved vanleg gange. Då ville heile vitsen med tapplageret verte borte.

Engelskmannen John Charnley vart adla for sitt pionerarbeid med å konstruere ein protese som viste seg å gje svært gode langtidresultat. Føremålet vårt med ein historisk artikkel i Tidsskriftet var å heidre Christiansen for det imponerande pionerarbeidet hans, men vi må retrospektivt ha lov til å påpeike val han gjorde som kan vere med på å forklare kvifor protesen måtte reviderast oftare enn protesane vi har i dag.

Dette er en redigert versjon av debatten, publisert på nett 10.1. 2014.http://tidsskriftet.no/article/3113199/

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler