Sviktande statistikk om brystkreft

Brev til redaktøren Radiologi
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Per-Henrik Zahl & Jan Mæhlen hevdar i Tidsskriftet nr. 4/2012 at 800 norske kvinner årleg får ein unødvendig kreftdiagnose pga. mammografiscreening (1). Reknestykke: 700 tilfelle av invasiv brystkreft i aldersgruppa 50 – 69 år tidleg i 1990-åra + 35 % vekst i befolkninga 1991 – 2009 = forventa tal 2009: 700 · 1,35 = 945. Observert tal i 2009 var 1 473, dvs. 528 fleire tilfelle enn forventa. Med tillegg av 300 tilfelle av duktalt carcinoma in situ (DCIS) årlig gir dette ca. 800 tilfelle av overdiagnostikk (1). Er brystkreftepidemiologi enkelt?

    I forrige screeningrunde påviste ein 2 106 brystkrefttilfelle inkludert DCIS-tilfelle, dvs. 1 053 per år (2). Av dei har ca. 263 (25 %) lymfeknutemetastasar, dette kan neppe kallast overdiagnostikk. Då står det att 790 krefttilfelle utan lymfeknutemetastaser. Ifølgje teorien til Zahl & Mæhlen er alle desse overdiagnostiserte. Med mammografiscreening finn ein såleis to typar krefttilfelle: dei som har metastasert og dei som er overdiagnostiserte. Enkelt og greitt? Passar dette med kunnskapen om utvikling av adenokarsinom?

    Etter mi meining nei. Artikkelen er basert på grove oversiktstal og ein statistisk modell som mellom anna ikkje tar omsyn til hormonbruk. Forfattarane meiner at «bruk av østrogener ikke kan være noen særlig viktig årsak til brystkreft i Norge» (1). Dette ståri sterk kontrast til ein studie av Weedon-Fekjær og medarbeidarar der ein estimerar at 27 % av brystkrefttilfella hjå kvinner i 50-åra rundt år 2000 kan skuldast hormonbehandling (3). Weedon-Fekjær og medarbeidarar estimerar vidare ein auke i brystkreftinsidens på 59 % assosiert med å vere invitert til første runde av mammografiscreening (82 % ifølgje Zahl & Mæhlen) og på 16 % for seinare screeningrunder (50 % ifølgje Zahl & Mæhlen). I tillegg blir det estimert 14 % reduksjon i brystkreftinsidens i dei første fem åra etter at ein går ut av mammografiscreeninga (ingen signifikant reduksjon ifølgje Zahl & Mæhlen). Det blir òg vist at den lineære auken i brystkreftinsidens frå 1950 til 1990 har halde fram seinare (3) (ikkje tilfelle, ifølgje Zahl & Mæhlen).

    To studiar med heilt ulike resultat. Kva er rett?

    Eg føreslår at vi venter på den evalueringa som Forskningsrådet har sett i gang. Der får uavhengige grupper tilgang til ein omfattande forskingsdatabase. Eg føreslår òg at norske forskarar avstår frå kommentarar i media, så som «dette er en av de største skandalene i moderne medisin» og «vil du holde deg frisk, ville jeg holdt meg unna mammografi. Du ville ikke gått til en tannlege som borer i stykker de friske tennene dine» (4). Vi bør vise kvinner med brystkreft respekt og ikkje lage unødig uro basert på dårleg grunngjevne påstandar som store deler av forskingsmiljøet innan brystkreft set spørsmålsteikn ved (5).

    PDF
    Skriv ut
    Relaterte artikler

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media