Nyttig for glutenintolerante og allergikarar

Margit Brottveit, Astrid Løvik Om forfatterne

Cøliakiforening, Norsk

Ingrediensleksikon – gluten, melk, soya

72 s. Oslo: Norsk Cøliakiforening, 2010. Pris NOK 200

ISBN 978-82-991137-1-7

No er det her, minileksikonet som skal gjere kvardagen lettare for alle dei som brukar gluten-, mjølk- eller soyafri mat. Målet er å hjelpe personar med cøliaki eller allergi til å vite kva slags ingrediensar ein må ta omsyn til i eit konsekvent gjennomført kosthald.

I ingrediensleksikonet finst oversikt over både gjeldande og komande merkeforskrifter, definisjonar av omgrep brukt i matmerking, og ei liste frå A til Å med opplysningar om produktopphav og ev. gluteninnhald i alt frå majones og malt til tortilla og tragant. Også ingrediensar laga av soya eller mjølk er tekne med. I tillegg til sjølve leksikonet følgjer òg eit vedlegg om tilsetningsstoff. Det finst òg korte kapittel om cøliaki og dermatitis herpetiformis, glutenintoleranse, mjølkeallergi, laktoseintoleranse og soyaallergi. Kapitla om farleg mjøl, trygt mjøl og drikke er også praktisk nyttige. Eitt av dei områda brukarane stiller mest spørsmål om, er drikke. Glutenfritt øl og anna alkoholhaldig drikke er omtala i eige kapittel. Personar med cøliaki og allergi er ofte kunnskapsrike og skaffar seg informasjon sjølve. Undervurderer ein brukarane når ein ikkje kommenterer kvaliteten på glutenanalysane som er brukt i undersøkingane det er vist til?

Ingrediensar står sentralt. Likevel blir ein usikker på kva forfattarane meiner at ein ingrediens er. Om ein vil bruke ingrediens som eit samnamn på alle typar stoff ein møter i matvaremerkinga, kunne dette ha vore presisert. Omtalen av ulike former for allergi og intoleranse er til dels upresis. Det er t.d. oppgitt at cøliaki er hyppigare hjå pasientar med annan «kronisk diagnose». Det er mange orddelingsfeil. Slikt bør lukast ut i neste utgåve. Likevel gjev boka god og nyttig informasjon for alle med gluten- eller kveiteintoleranse, og for mange allergikarar.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler