Meining
I eit øysamfunn på Vestlandet rundt 1960 budde ein eldre mann, som heitte Anton, i ein båt. Han ville ikkje bu i huset sitt fordi han frykta at kona, som døydde få år før, skulle gå att. Han sa stadig at ”Ho Johanna var ikkje god”. Mange trudde at ho hadde mystiske krefter. Ho kunne stogge blod, og var flink med fødslar. Ho hadde eit ustyrleg sinne, og kunne setje sjukdom på og flytte dyr på uforklårleg vis. Alle kjende soga om Nils si ku, som forsvann og vart attfunnen på ei naboøy, utan saltsmak på skinnet. Berre Johanna kunne ha flytta kua. Det var langt til lækjaren. Johanna vart ofte tilkalla ved sjukdom. Samstundes var folk redde henne. Mange skjøna at Anton ikkje ville bu i huset etter at ho var avliden. Folk sitt tilhøve til lækjaren var samansett. Han var respektert. Men det var ofte strid mellom det han og det Johanna sa. Mange høyrde mest på Johanna, kanskje av frykt, og kanskje fordi, som dei sa, ”ho hadde ofte fått det til” når lækjaren mislukkast.
Denne soga inneheld ei forklåring på kvifor Anton budde i båten, og kvifor Johanna vart tilkalla ved sjukdom. Det er den beste tilgjengelege forklåringa, om vi ikkje meiner at Anton og mange i dette samfunnet var sinnssjuke, eller irrasjonelle. Det var dei neppe, for dei levde eit elles normalt liv. Poenget er ikkje om det er sant at Johanna hadde slike krefter, men at folk trudde det, og handla som om det var sant. For å forklåre handlingane deira, må vi starte med det dei trudde og verdsette.
Det er ikkje noko mystisk ved det. Det er omstridd korleis vi skal skjøne omgrepa i ei slik forklåring: ”meining”, ”tanke”, ”tru”, ”kunnskap”, ”norm”, ”verdi”, ”ideal”, ”teikn”, ”symbol”, ”tillit”, ”lojalitet”, ”forventning”, ”von”, ”identitet”, ”angst”, ”sorg”, ”glede”, ”indignasjon”, ”svik”. Men ser vi bort frå slike omgrep – som gjev ei rame for å skildre verda frå handlande personar sine synsstader (første person eintal og fleirtal) – står vi utan truverdige forklåringar på det dei gjorde. Mange – særleg filosofar og psykologar – meiner at slike omgrep kan eliminerast. Men ingen har lukkast. Dei støyter på same vansken: Korleis kan vi identifisere og forklåre handlingar utan slike omgrep?
Meining er viktig for medisinen: Faget kan neppe mangle truverdige forklåringar på kvifor folk handlar som dei gjer når det gjeld helse og sjukdom. Eitt døme: Soga om Anton og Johanna forklårar kvifor somme ikkje følgde lækjaren sine råd. Det er manglande etterleving, som er mykje drøfta. Om folk ikkje føljer lækjaren sine råd, kan han gjere lite. Det finst mange grunnar til manglande etterleving, til dømes konkurrentar til lækjaren, som set folk i lojalitetsklemmer. For å skjøne fenomenet treng vi omgrepa eg nemnde ovanfor, samt ei rekkje andre ting, som at folk kan ha dårleg råd eller lita tid.
Helsefaga – medisinen inkludert – er underlagde subjektivitetsprinsippet (2). Faga treng omgrep som skildrar verda frå handlande personar sine synsstader. Personar handlar i lys av den tydinga og verdien ting har for dei. Dei er sjølvtolkande dyr (3 – 5): Personleg og sosial identitet er medbestemde av normer, verdiar, og idéar om sjølvet, andre og røyndomen. Tanken om at personar handlar på grunnlag av tyding og verdi har stor forklåringskraft. Om folk definerer ein situasjon som verkeleg, får han ofte verkelege verknader. Det er ein viktig idé i humanvitskapane, kalla Thomas-teoremet , etter den amerikanske sosiologen W.I. Thomas (6, 7). Thomas-teoremet uttrykker ein idé om sambandet mellom menneske sine oppfatningar og dei sosiale verknadene av oppfatningane: Oppfatningar kan vere kausalt verksame, sjølv om dei er feilaktige. Spøkelse vert ikkje skapte av trua på at dei finst. Men trua på spøkelse kan frambringe verknader som er dei same som dei som ville ha førekome, om spøkelse faktisk hadde funnest. Angst for spøkelse kan skapast av spøkelse. Men slik angst kan også skapast av trua på at spøkelse finst, sjølv om dei faktisk ikkje finst. For samfunnsforskaren er det viktige i og for seg ikkje om spøkelse finst, men dei handlingsmessige og sosiale konsekvensane av trua på spøkelse. Thomas-teoremet har difor eit skjæringspunkt med placeboeffekten (8). Det kan tenkast – som ein hypotese – at placeboeffekten illustrerer ein type mekanisme som Thomas-teoremet er ei meir generell formulering av. I den samfunnsvitskaplege litteraturen har teoremet særleg vore
knytt til diskusjonen av sjølvoppfyllande spådomar (9, 10).