Feil om prøver frå navlestrengsblod

Torunn Eikeland, Birgitt Haugeberg, Tore Henriksen, Sissel Hjelle, Branislava Yli, Pål Øian Om forfatterne

I Tidsskriftet nr. 2/2007 er Per Bergsjø sterkt kritisk til rådet om syre-base-analyse av navlestrengsblod som han finn i Veileder i fødselshjelp 2006 frå Norsk gynekologisk forening (1, 2). Bergsjø kjem med ei rekkje urette og dels underlege påstandar.

Han påstår at måling av syre-base-verdiar i navlestrengsblod no er i ferd med å bli rutine ved alle fødslar i Noreg, og at retningslinene vil føre til «at prøven bør tas ved de fleste fødsler». Dette er ikkje korrekt. I kapittel 41 (2) anbefaler me syre-base-analyse av navlestrengsblod når:

  1. Det har blitt utført akutt sectio

  2. Det har blitt gjort operativ vaginal forløysing

  3. Det har blitt teke føtal blodprøve under fødselen

  4. Barnet er dårleg ved fødselen

Dette samsvarer med britiske anbefalingar frå 2001 (3) og amerikanske frå 2006 (4). I tillegg tilrår me syre-base-analyse når «Fødselen har blitt overvaka med CTG + ST-analyse» (2). Dette vil langt frå gjelde alle fødslar dersom ein vel å følgje tilrådingane i kapittel 21 (2), der me rår til at det ikkje vert teke innkomsttest ved normalfødslar, dvs. ved om lag 60 % av alle fødslar i Noreg. Grunngjevinga er å unngå unødvendig og uheldig intervensjon ved normale fødslar. Dersom der er indikasjon for kontinuerleg elektronisk fosterovervaking, bør dette gjerast med kardiotokografi + ST-analyse. Det vil gjelde opptil 30 % av fødslane. Dette er overvaking og prøvetaking på indikasjon – ikkje screening

Påvising av metabolsk acidose i navlesnorsarterie er det einaste tidlege objektive målet på surstoffmangel under fødselen, og metabolsk acidose er eit obligat delkriterium i diagnosen intrapartumasfyksi (4, 6, 7). For at varig skade hjå eit barn i form av cerebral parese skal kunne seiast å skyldast surstoffmangel under fødselen, må metabolsk acidose i navlesnorsarterie vere påvist.

Bergsjø avfeier kvalitetssikring som eit «honnørord» og ser det òg som eit problem at det i vegleiaren står at data frå syre-base-målingar er viktig for forsking (2). Forsking på overvakingsmetodar for å oppdage utvikling av alvorleg hypoksi slik at ein skal kunne gripe inn tidsnok til at barnet unngår skade, må ha objektive mål på endepunktet, nemleg forekomst og grad av hypoksi. Då er syre-base-analyse i navlestrengsblod den einaste objektive måleparameter me har.

1

Bergsjø P. Unødvendige prøver fra navlestrengsblod Tidsskr Nor Lægeforen 2007; 127: 204.

2

Sand S, red. Norsk gynekologisk forening. Veileder i fødselshjelp 2006. Oslo: Den norske lægeforening, 2006. www.legeforeningen.no/asset/32196/1/32196_1.pdf (8.3.2007).

3

National evidence-based clinical guidelines: The use of electronic fetal monitoring. The use and interpretation of cardiotocography in intrapartum fetal surveillance. May 2001. London: Royal College of Obstetricians and Gynaecologists, 2001. www.rcog.org.uk/index.asp?PageID=695 (8.3.2007).

4

ACOG Committee on Obstetric Practice. ACOG committee opinion No. 348, November 2006. Umbilical cord blood gas and acid-base analysis. Obstet Gynecol 2006; 108: 1319 – 22.

1520862

MacLennan A. A template for defining a causal relation between acute intrapartum events and cerebral palsy: international consensus statement. BMJ 1999; 319: 1054 – 9.

6

Low JA. Intrapartum fetal asphyxia: definition, diagnosis, and classification. Am J Obstet Gynecol 1997; 176: 957 – 9.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler