()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Kven har ansvaret for den miserable situasjonen i Gaza? Israel, hevdar Mads Gilbert i ein fire sider lang kronikk i Tidsskriftet (1). Gazi Hamad, talsmann for den palestinske regjeringa, har eit meir nyansert syn. I ein artikkel skriv han at palestinarane no må ta meir ansvar og slutte å skulde på Israel for alt som er feil i det palestinske samfunnet (2).

    Det er eit faktum at ikkje før hadde Israel trekt seg ut frå Gaza seinsomaren 2005, oppstod det ein borgarkrigsliknande tilstand med væpna trefningar, ikkje berre mellom ulike klanar og gjengar, men òg mellom Fatah og Hamas om makta. Det er rett at Israel har gått til militært åtak (i liten skala) mot Gaza, men kor lenge skal eit land finne seg i rakettåtak mot si eiga sivilbefolkning? Ei veke? Ein månad? Eit år? To år? Sidan 2001 har palestinaarabiske terroristar skote Kassam-rakettar mot sivile busetnader i Israel. Etter at Israel trekte seg ut, vart desse åtaka intensivert. Landet var difor i sin fulle rett då det starta ein militær offensiv for å stanse rakettåtaka og frigje ein kidnappa israelsk soldat.

    Israel eir ein apartheidstat, skriv Mads Gilbert (1). Gilbert veit sjølvsagt at Israel har fleire arabiske politiske parti, at domstolane der er fri for politisk innblanding, at ein arabar har fått landets fremste litterære pris, at menneskerettsorganisasjonane kan arbeide fritt, at vegskilta er på to språk (hebraisk og arabisk) og at hebraisktalande skulebarn vert oppmuntra til å lære seg arabisk. Kva er så Gilbert sin definisjon på ein apartheidstat? Tvert om er det islamsk handlemåte mot andre folkegrupper som er apartheid – ikkje det einaste demokratiet i regionen med religionsfridom, politisk fridom og næringsfridom for alle, noko du ikkje finn i islamske land.

    Den politiske venstresida burde no etter kvart innsjå at dei fungerer som nyttige idiotar for krefter som har som mål å fjerne det demokratiet vi alle set pris på og ikkje minst dei sjølve er avhengige av. All ære til Mads Gilbert for den innsatsen han gjer for å hjelpe menneske som er livstruande skadde. Korleis harmonerer dette med den openlyse støtta han gjev Hamas, ein terrororganisasjon som berre har eitt mål: Drepe jødar og fjerne den jødiske staten?

    Israel kjempar ikkje berre for eigen fridom og sjølvstende, men også for vår. Den muslimske fascismen har for lengst markert seg i fleire europeiske land med terroråtak av ulike slag. Fell Israel, mister Europa ein viktig alliert i krigen mot terror.

    PDF
    Skriv ut
    Relaterte artikler

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media