PLO misbruker ambulansane

Sigrid Saunes, Gunnar Saunes Om forfatterne
Artikkel

Mads Gilbert nektar i sitt tilsvar på vårt innlegg i Tidsskriftet nr. 13/2002 energisk på at palestinske ambulansar vert brukte aktivt i krigføringa (1, 2). Han viser m.a. til at Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) ikkje har haldepunkt for misbruk av palestinske ambulansar – seinast i eit møte 12. april 2002. Han etterlyser konkret, verifiserbar dokumentasjon – og det skal han få.

Slik det vart framstelt i Reuter-journalisten Arieh O. Sullivans oppslag på Jerusalem Post si nettside 5. november 2000, ankom 27. oktober ei Raude Halvmåne-ambulanse midt i ein strid mellom den israelske hæren og væpna palestinarar nær landsbyen Kafr Klil nær Nablus. Ambulansen hadde med seg væpna palestinarar som så tok del i kampen (3).

No vil sikkert Gilbert nekte for at avisa Jerusalem Post er å lite på i denne saka. Kanskje har han større tiltru til ein fotoreportasje frå 27. mars 2002 utanfor Ramallah, der ein palestinsk ambulanse vart stansa med eit sprengstoffbelte om bord. Hendelsen er festa til videotapen, som er sendt på CNN; vi har sett han.

Gilbert synest å ha stor tiltru til ICRC, så kvifor ikkje sitere frå ei offisiell pressemelding frå ICRC 27. mars 2002. Pressemeldinga kom som ein respons på den ovannemnde hendinga, der ein i ein ambulanse frå Raud Halvmåne fann våpen samt eit sjølvmordsbombebelte under ein båre med eit barn på:

”Den internasjonale Raude Kors-komiteen (ICRC) er sjokkert og forferda over rapportar i dag om at det er funne sprengstoff i ein ambulanse frå Palestinske Raude Halvmåne (PRCS). ICRC fordømer slikt misbruk av ein ambulanse og av Raude Halvmåne-merket. ICRC-delegatar har raskt vore i kontakt med israelske myndigheiter og PRCS og reist til staden nær Ramallah der ambulansen vart stoppa. Der observerte dei korleis ein gjenstand vart teken ut frå bilen og detonert i nærvær av fleire tilskodarar” (4).

Ein kan undrast over kvifor ICRC, etter sjølvsyn 27. mars, først fordømer misbruk av palestinske ambulansar, for så 12. april å nekte for at dette har hendt.

Gilbert henviser også i det siste innlegget sitt til PRCS ”som på det skarpaste tilbakeviser de siste israelske påstandene om funn av eksplosiver i en PRCS-ambulanse”. Ein kan vel seie at PRCS soleis er meir konsekvent enn ICRC, men kven er så leiar for PRCS? Jau, bror til Yasir Arafat, Fathi Arafat. Yasir Arafat er ein notorisk løgnar. Kva veit vi om broren? Ikkje så mykje. Kanskje er han ein ærleg mann, men vil ærlege menn som seier sanninga, kunne gå i lag med Yasir Arafat?

I alle høve har PRCS sin reaksjon på nemnde tilfelle ovanfor (som sannsynleg berre er toppen av isfjellet når det gjeld talet på ambulansemisbruk) ikkje imponert oss.

Er så dette god nok dokumentasjon for Gilbert?

Vårt håp er at denne informasjonen må vere med når våre kollegaer skal ta eit balansert standpunkt i Midtausten-konflikten.

Anbefalte artikler