Anafylaksi og matallergi

Martinus Løvik Om forfatteren
Artikkel

Johan-Arnt Hegvik & Tarjei Rygnestad hadde nyleg ein artikkel i Tidsskriftet om behandling av alvorlege allergiske reaksjonar (1). Dei nemner at ein bør tenkje på alvorleg allergisk reaksjon ved uventa kollaps.

Der er viktig å vite at ein anafylaktisk reaksjon kan vere det første tegnet på matallergi, utan at det har vore symptom oppfatta som matallergi tidlegare (2). Då dei åt måltidet, var dei fleste ikkje klar over at det var noko dei hadde allergi mot i maten (2).

Ei spesiell form for reaksjon er anstrengelsesutløyst matallergisk reaksjon, som kan komme ved anstrenging fleire timar etter matinntaket (3). Til Nasjonalt meldesystem for alvorlege allergiske reaksjonar på mat (3, 4) har vi fått rapport om slike reaksjonar, som elles er godt kjende frå litteraturen.

Dei fleste dødelege eller alvorlege reaksjonane på mat skjedde i fleire undersøkingar hos vaksne, gjerne unge vaksne, men med enkelte unntak der også små barn døydde eller fekk sterk reaksjon (2, 4).

Elles bør vi hugse at ein matallergisk reaksjon stundom kan vere bifasisk. Etter ein mild tidleg fase kan det komme ein sterkare reaksjon som kan vere dødeleg (5). Allergiske reaksjonar på mat må derfor ikkje berre behandlast forsvarleg, men pasienten må óg observerast lenge nok, slik at ein ser at betringa varer.

Endeleg synest det som om aktiv astma er ein sterk risikofaktor for dei mest alvorlege reaksjonane (2). Det er oftare pustevanskar og respirasjonsstans enn sjølve sjokktilstanden som gir dødeleg utgang ved matallergi (6).

Anbefalte artikler