Partikkelforureining – kvifor er det så stor variasjon i helseeffekten?

Martinus Løvik Om forfatteren
Artikkel

I artikkelen Luftforurensning og helse i Tidsskriftet nr. 2/2002 (1) nemner forfattarane at det i ulike undersøkingar er stor variasjon i den helseskadelege effekten av partikkelforureining.

Denne variasjonen er eit vesentleg poeng. Årsakene til den er i dag truleg det mest sentrale forskingsfeltet når det gjeld partikkelforureining og helse. Variasjonen kunne skuldast metodane eller komme av forskjellar i befolkningane ein har studert, men dette synest ikkje å vere viktige faktorar (2, 3). Meteorologiske tilhøve (temperatur) og andre forureiningskomponentar (NO₂) kan forklare noko (4). Viktigast kan likevel skilnadene i sjølve partikkelforureininga vere. Det er eit enormt spenn i storleik mellom ein partikkel på 10 µ m frå vegdekket og ein ultrafin partikkel på 0,03 µ m frå dieseleksos. I tillegg kjem skilnader i form, overflatestruktur, oksiderande evne, metall og kjemiske stoff som vert frigjorte, og allergen og endotoksin på partiklane.

Det er på høg tid at vi sluttar å bruke omgrepet ”forureining” når vi diskuterer årsakene til allergi, astma og annan helseskade, fordi forureining er så mange ulike ting. Det same gjeld ”svevestøv” – grove og fine partiklar kan ha ulik effekt (5, 6). Jamvel PM10 er samansett av mange heilt ulike partikkeltypar og partikkelstorleikar som kvar kan dominere til ulike tider og på ulike stader. PM10 er eit praktisk, men ikkje noko godt, mål på partikkelforureining.

Anbefalte artikler