Årsaker til at makt kan skape tillit
Det finst difor tre moglege årsaker til at makt kan skape tillit: tvang til lojalitet, aksept av legitimitet og tru på effektivitet. Det kan skape tillit fordi det kan vere grunnar for å overføre avgjerdsmakt over eit gode. Har ein person ingen (eller berre ekstreme) alternativ, eller godtek han ein annan person si makt som legitim, eller trur han at ein annan person er effektiv, kan det vere grunnar til å overføre makt til denne personen. Det kan vere det ein person byggjer på, når han vurderer om han skal godta å bli (meir) sårbar overfor ein annan person sin moglege vonde vilje. Forvitrar dette, kan tilliten forvitre. Årsaker til forvitring kan vere gjenvinning av valfridom, avvising av legitimitet, og manglande effektivitet.
La meg ta to døme. Lækjarrolla er prega av at lækjarane sin gamle autoritet forvitrar, og ein bestemt type tillit med han. Tillit bygd på legitim makt har magrare vilkår enn før. Informerte pasientar utfordrar lækjarane på måtar som før var umogleg. Grunnlaget for legal-rasjonell autoritet er innsnevra av pasientrettar, som set juridiske grenser for kva lækjarar kan gjere. Karismatisk autoritet har óg magrare vilkår i moderne sjukehus enn i meir tradisjonelle relasjonar. Oppblomstringa av alternativ medisin gjev dessutan pasientar ein valfridom som gjer at dei ikkje berre kan velgje mellom lækjarar, men óg velge seg ut or helsevesenet. Vi får då eit bilete av grunnlaget for forvitring av tillit til lækjarar: informerte pasientar, pasientrettar, magrare sosiale vilkår for karisma og stor valfridom. Det kan omforme vilkåra for tillit, fordi det endrar maktgrunnlaget for tilliten. I amerikanske og engelske diskusjonar finst det minst tre framlegg til korleis lækjarar kan gjenvinne tillit.
Det første byggjer på kunnskapsbasert medisin, og inneber at lækjarane må bli meir effektive. Pasientar er forbrukarar, og vil ha det beste på marknaden. Lækjarane bør stette ønsket om effektivitet og slik gjenvinne tillit. Dei vert meir effektive ved å vere oppdaterte på det beste i forsking. Databasar av typen Cochrane skal sikre at kvar medisinsk avgjerd er styrd av dei best dokumenterte forskingsresultata. Effektivitet skal erstatte tapt tradisjonell, legal og karismatisk autoritet som tillitsgrunnlag. Tillit kan gjenvinnast med kunnskap. Spisskompetanse gjer lækjarane i stand til å møte informerte pasientar, unngå rettssaker, bli mindre avhengige av trua på personlege nådegåver, og trekke misøgde pasientar attende frå alternativ medisin.
Det andre framlegget byggjer på ein bestemd måte å skjøne møtet mellom lækjar og pasient på. Kvart møte er unikt, og tillit er avhengig av den etiske kvaliteten på møtet, og kommunikasjonen mellom lækjar og pasient. Tillit kan gjenvinnast gjennom måten pasientane vert handsama på som unike personar i unike møte. Mange meiner at profesjonen må restaurere hippokratisk etikk. Etikk skal erstatte tapt autoritet som tillitsgrunnlag. Når gamle grunnlag for tillit sviktar, må tillit byggjast og pleiast i kvart unikt møte. Pasienten må møtast som heil person, ikkje som ein maskin i ustand. Lækjarrolla vert her, av lækjarar sjølve, definert på ein måte som bryt med ein klassisk sosiologisk måte å skjøne rolla på. Rolla vert ikkje sett på som avgrensa til bestemde oppgåver og som kjenslenøytral, men som diffus, mangesidig og til dels basert på kjensler og evne til innleving. Dette minner om tidlegare diskusjonar blant sjukepleiarar av sjukepleiarrolla. Pasientsentrering, etikk og kommunikasjon er stikkorda her.
Det tredje framlegget vil styrke lækjarane sin autonomi. Tanken er at moderne lækjarar er fanga i eit nettverk av kryssande krav, som både er av medisinsk, økonomisk og administrativ art. For pasientar framstår lækjarane som aktørar med uryddige interesser og blanda motiv, der det er vanskeleg å sjå kva slags interesser og motiv som er utslagsgjevande når diagnose og handsaming vert føreslegne. Det kan bryte ned tillit, fordi det kan oppstå tvil om lækjarane er uhilda. Dette er eit gjennomgåande tema i massemedia sine oppslag om lækjarane sine økonomiske interesser. Poenget med å styrke lækjarane sin autonomi er å gjere dei mindre avhengige av kryssande interesser. Større autonomi vil lage eit større rom for meir uhilda utøving av fagleg kompetanse og skjønn, og det vil gjere lækjarane mindre sårbare overfor krysspress og blanda motiv. Tillit skal gjenvinnast ved å gjere lækjarane i stand til å opptrå meir uhilda, og vere mindre i klørne på særinteresser.
Bak dei tre posisjonane ligg det ulike måtar å skjøne pasientrolla og tillit på. Alle tre har djupe røter i vestleg idéhistorie. Alle leirane er opptekne av tillit, men har ulike syn på kva faktorar som kan skape og vedlikehalde tillit. Alle leirane er óg vagt merksame på at tradisjonell tillit til lækjaren hang saman med makt.