Medisinen sin eigen verditradisjon
Den medisinske tradisjonen ligg derimot til grunn for dei medisinske kjerneverdiane som professor i allmennmedisin David Morrell skisserte i 1994 (7). Utgangspunktet er lege-pasient-forholdet. Dei seks kjerneverdiane blir fremja med slagferdig engelskspråkleg allitterasjon: ”confidence”, ”confidentiality”, ”competence”, ”contract”, ”community responsibility” og ”commitment”. Med det kliniske møtet som utgangspunkt, er det ikkje til å undre seg over at desse formuleringane blir ganske spesifikke. Dei må utan tvil tolkast i lys av at Morrell alt har definert eit grunnleggjande sett av overordna verdiar. Sentralt i dette settet står truleg omgrepet menneskeverd. Innhaldet i dette omgrepet er ikkje eintydig.
Knut Erik Tranøy har gjeve god hjelp i tolkinga ved å peike på at menneskeverd står for eit minstemål som ikkje får krenkjast (8). Han meiner at respekten for menneskeverdet kanskje er den einaste moralnorma som i dag framstår som unntakslaus og absolutt. Vidare peikar han på medmenneskeorienteringa og pliktene overfor dei svakaste mellom oss som sentrale element i den allmenne moralske arven. Desse kan analyserast i høve til sjølvrealisering og sjølvråderett som verdiar i menneskelivet.
Figur 2 er eit forsøk på å syne korleis sjølvråderetten og evna til sjølvrealisering, kall det gjerne autonomi, er varierande gjennom livet, til dømes som følgje av alder og sjukdom. Til dømes eit spedbarn eller ein medvîtslaus person vil ikkje ha særleg mykje reell autonomi. Det fundamentalt ukrenkelege menneskeverdet, her kalla integritet, skal derimot få vere ein ”livskonstant”, uavhengig av individuelle karakteristika og vilkår knytt til ulike situasjonar som kan medverke til at den reelle sjølvråderetten kan variere.
Yttergrensene for kva som skal til for å krenkje menneskeverdet er for ein stor del fastlagde i internasjonale konvensjonar om menneskerettar (9). Innanfor helseretten avspeglar det intime sambandet mellom integriteten og autonomien seg til dømes i § 4-9 i den nye pasientrettsloven som handlar om retten til å nekte blodoverføring i særlege høve (10).
Sjølv om autonomiprinsippet har ein klår plass i den medisinske etikken, er det likevel verdt å reflektere over dei feilgrepa vi kan gjere dersom vi berre tolkar menneskeverdet ut frå sjølvråderetten og romet for sjølvrealisering. Vi treng eit meir nyansert sett av omgrep dersom vi skal kunne møte menneskeverdet i ei rekkje typiske situasjonar i den kliniske kvardagen, der det slett ikkje er det viljesterke og kraftfulle som fell oss i augo.
Det kvite romet i figuren, mellom integriteten og autonomien, kan gjerne kallast det sårbare i menneskelivet. Dansken Jacob Dahl Rendtorff meiner at det sårbare er nært knytt til integriteten ved at det handlar om den menneskelege urørlege sonen (11). Han hevdar at helsetenesta gløymer det sårbare til fordel for ei ukritisk hylling av autonomien. Det sårbare utgjer ein moralsk appell om omsyn og omsorg. Det sårbare gjer krav på vern. Teieplikta kan til dømes grunngjevast i kravet om vern av det sårbare. Det er faktisk slik at legen kan vike frå teieplikta ved samtykke frå pasienten, men legen har ikkje nødvendigvis plikt til å gjere så dersom han meiner at det kan skade pasienten.
Figur 2 gjev eit bilete av ulike posisjonar eit menneske kan ha. Så lenge vi avgrensar dette til tidsspennet mellom fødsel og død, er det ikkje vanskeleg å argumentere for dette biletet på ein måte som kan få allmenn aksept. Men det blir meir komplisert straks vi dreg biletet over til fosterlivet, eller ekstrapolerer til kroppen etter døden. Biletet gjev oss såleis ikkje svar på spørsmålet om når menneskeverdig liv startar eller sluttar.