Artikkel
Sammendrag
Forfattarane tek del i ein europeisk studie som tek føre seg pasientevalueringar av allmennpraksis. Formålet medstudien er å utvikla eit valid, reliabelt og brukarvenleg spørjeskjema som kan brukast til å fange opppasientevalueringar av allmennpraksis i europeiske land. Vi valde i samråd fem viktige område for kvalitet påallmennpraksis: allmennpraktikaren sitt faglege arbeid, forholdet mellom pasienten og legen, informasjon og støtte tilpasienten, tilgjenge til praksisen og til legen og organisering av praksisen.
På denne bakgrunnen konstruerte vi eit spørjeskjema for å fange opp pasientane sine vurderingar, prioriteringar ograngeringar av kjenneteikn som viser kvalitet på allmennpraktikaren og på allmennpraksisen. 12 strategisk valtepraksisar, frå by, tettbygd strøk og landsbygd, deltok i studien. Av 830 utdelte skjema mottok vi 431 (52%).
Resultata viser at norske pasientar verdset høgt tilgjenge, kontinuitet, respekt, teieplikt, fagleg god kunnskap oginformasjon. Desse funna kan brukast i kvalitetsutvikling av allmennpraksis.