Gruppesekvensielle forsøksplanar

Lehmann EH, Sandvik H Om forfatterne
Artikkel

Sammendrag


I gruppesekvensielle forsøksplanar blir forsøket avslutta når resultatet av ein interim (mellombels)-test syner seg å bli “signifikant”.

For å oppnå eit reelt, totalt signifikansnivå av ein viss storleik, må dei einskilde testane utførast med eit strengare signifikansnivå, avhengig av talet på planlagde interimtestar.

På same måte som for fastgruppeeksperiment kan ein gjera studien høveleg stor slik at fastsett styrke blir oppnådd. Grunnlaget for utrekninga er forventa intervensjonseffekt, talet på interimtestar og det totale signifikansnivået. Det er utvikla tabellar og datasimuleringsprogram for å gjera det lett å utarbeida slike forsøksplanar.

Dersom intervensjonen er om lag så effektiv som venta, vil ein i lengda oppnå ei innsparing av forsøksindivid på om lag 30%, samanlikna med fastgruppeforsøk. Dersom effekten av intervensjonen er mykje større enn venta, kan det koma langt større innsparingar.

Anbefalte artikler