Ein ny variant av Creutzfeldt-Jakobs sjukdom

Artikkel
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Sammendrag

    Humane spongiforme encefalopatiar har den siste tida fått mykje omtale på bakgrunn av ein mogleg ny variant avCreutzfeldt-Jakobs sjukdom og den eventuelle samanhengen mellom denne og bovin spongiform encefalopati, som har nåddepidemiske proporsjonar i Storbritannia i løpet av dei siste ti åra. Fire ulike humane spongiforme encefalopatiar erbeskrivne, den vanlegaste er Creutzfeldt-Jakobs sjukdom, som kan vere både smittsam, sporadisk og arveleg. Densmittsame agensen består hovudsakleg, kanskje berre, av ei patogen isoform av eit normalt membranbunde glykoprotein somvert kalla prion. Hos dyr finn ein spongiforme encefalopatiar fyrst og fremst hos sau, som skrapesjuke, og hos ku, sombovin spongiform encefalopati, også kalla kugalskap. Mykje tyder på at denne sjukdomen hos kyr er smittekjelda til dennye varianten av Creutzfeldt-Jakobs sjukdom, sjølv om dette enno ikkje er bevist. Eit essensielt spørsmål er om deitilfella ein til no har registrert av den nye varianten av Creutzfeldt-Jakobs sjukdom er starten på ein epidemi, slikein har sett det med bovin spongiform encefalopati.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media