Ein banebrytande dom i den europeiske menneskerettsdomstolen gjer det umogleg å avvise koplinga mellom klimaendringar, menneskerettar og helse. Legeforeininga bør følge opp ved å ta til orde for stans i oljeleitinga.
I byrjinga av april i år slo den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg for første gong fast at manglande klimahandling kan bryte med menneskerettar. Dette hende etter at 2 400 eldre kvinner gjekk til sak mot staten Sveits for manglande klimahandling. Kvinnene argumenterte med at dette trua deira rett til liv og helse og la særleg vekt på at eldre menneske er sårbare i møte med hetebølger forårsaka av klimaendringar (1).
Sigeren har ikkje oppstått i eit vakuum. Evidensen for at klimaendringar har omfattande negative helsekonsekvensar har eksistert i lang tid, og fleire leiande medisinske tidsskrift, inkludert The Lancet, har beskrive klimaendringar som den største globale helsetrusselen i vårt hundreår (2, 3).
Rekordmange 103 millionar menneske var på flukt i verda i 2022, og innan 2050 er det venta at så mange som 200 millionar menneske vil bli tvinga på flukt som ei direkte følge av klimaendringar (4). Som helsepersonell med ein eid om å ikkje skade er dette eit ubehageleg faktum.
Innan 2050 er det venta at så mange som 200 millionar menneske vil bli tvinga på flukt som ei direkte følge av klimaendringar. Som helsepersonell med ein eid om å ikkje skade er dette eit ubehageleg faktum
At klimavitskap no blir forma til resultat i rettssalen, vil for mange kanskje ikkje vere ei overrasking, men likevel er det ein etterlengta siger som gir håp for framtida og dei om lag 2 000 andre klimarettssakene som pågår (5).
Samtidig har vitskapen vist at klimakrisa er ei solidaritetskrise med dei største helsekonsekvensane først og fremst for marginaliserte menneske (5, 6). Det er nettopp dette som gjer den historiske dommen så unik og ubehageleg for nordmenn; dei sveitsiske kvinnene kjem frå eit land og eit helsevesen som kan samanliknast med vårt. Eit velutvikla land i Europa med eit godt utbygd helsevesen. At helsekonsekvensar av klimaendringar i eit land som Sveits dannar grunnlaget for den historiske dommen, underbygger ei tankevekkande sanning: Klimaendringar angår oss alle.
Helseorganisasjonar globalt tar no til orde for at regjeringar må utarbeide ein bindande plan for stans i alle nye lisensar for olje, kull og gass gjennom ein ikkje-spreiingsavtale (7). Blant dei 350 helseaktørane som har skrive under på oppropet, finn vi Verdas helseorganisasjon (WHO), den internasjonale medisinstudentforeininga (IFMSA) og Verdas legeforeining (WMA), Legeforeininga si eiga moderforeining.
Forbrenning av fossilt brensel medfører temperaturstigning, eskalerer sosial ulikskap, tar helse og liv og er brot på menneskerettane
Legestanden har vore modig før, som då vi tok til orde mot den mektige tobakksindustrien for ein kontroversiell politikk av omsyn til liv og helse. Som den anerkjente rammekonvensjonen om tobakkskontroll (8) er ikkje-spreiingsavtalen ein evidensbasert internasjonal avtale med mål om å regulere ein substans kjent for å vere skadeleg for helsa. Forbrenning av fossilt brensel medfører temperaturstigning, eskalerer sosial ulikskap, tar helse og liv og er brot på menneskerettane. Tida er overmoden for at den norske legestanden tar dette innover seg. Som Norge sitt største medisinske fellesskap er det på tide at også Legeforeininga, som si eiga moderforeining, tar eit tydeleg standpunkt for å begrense helseskadar av klimaendringar. Det inneber at foreininga må anerkjenne dei helseskadelege globale konsekvensane av fossilt brensel.
Evidensen har vore klar i lang tid. Menneskerettsdomstolen og det globale medisinske miljøet følger no etter. Spørsmålet er om den norske legestanden er klar til å ta den ubehagelege sanninga innover seg. Å ta til orde for stans i oljeleitinga er Legeforeininga si moglegheit til å stille seg på rett side av historia.