30.03.2020:
Underernæring og feilernæring er vanleg hos sjuke og eldre, men førekjem også i svangerskap, i vekstperiodar og ved einsidig diett. For å sikra optimal vitamin- og sporelementstatus er det viktig med rett diagnostikk. Mikronæringsstoffa er essensielle substansar som me treng å få tilført i små mengder for normal kroppsfunksjon. Mikronæringsstoffa omfattar ni vassløyselege vitamin (vitamin B1, B2, B3, B5, B6, B7, B9, B12 og C), fire feittløyselege vitamin (vitamin A, D, E og K), jern og sporelement som jod, kopar, krom, mangan, molybden, selen og sink. Vitamina er antioksidantar, prohormon...