Ein metafysisk myrmetafor
Den medisinske historia har lært oss at tru utlagd som sanning er eit mistak, medan sanning utlagd som tru er rette synet. Dette slagordprega argumentet kan innleiingsvis verke både innlysande og klart, men omsett i praksis viser det seg vanskeleg å finne reglar for korleis ein skal skilje ”sann tru” frå noko som berre er truleg sant. I spenningsfeltet mellom tru og sanning finn vi den gråsona av meiningsskilnader som fo_rar dei medisinske tidsskrifta med lesarinnlegg og debattartiklar. Nokre av lesarinnlegga byggjer på forfattarane sine uklare formuleringar og/eller lesarane sine mistydingar, medan andre byggjer på reell usemje om tolking av data. Og nettopp dette at vi finn usemje om tolkinga av medisinske erkjenningar, syner at den eine eller andre publiserte tolkinga ikkje er den einaste mogelege. På generelt grunnlag kan det endåtil hevdast at ei viss datamengde kan tolkast på uendeleg mange måtar, det er berre fantasien og konteksten som set grenser. Eg er samd med Nessa (4) når han hevdar at ”sanning finst” medan ”meining blir skapt”. Men eg vil leggje til at mange, kanskje alle vitskaplege ”sanningar” i medisinen eigenleg er ”meining” og difor i røynda skapte. At det som har skin som sanning etter ei tid framstår som usant er ikkje eit ukjent fenomen i medisinen. Ei utlegging av verda er derfor samstundes ei utlegging av korleis gjenstandar og sakstilhøve vert forstått, og spørsmål om sanning vert dermed redusert til spørsmål om meining. Det finst ikkje føresetnadslause data i medisinen. Ein kan difor ikkje, dersom ein har resultat som vanskeleg lar seg forklare, nøye seg med å ”la data tale for seg sjølv”.
Eit av mange kjenneteikn på den gode vitskapsmannen er at han finn og formulerer dei enklaste og knappaste tolkingane av ei gitt datamengd. På denne måten ”skapar” han ”vit”. Men, og her er vi ved eit kjernespørsmål, dersom forskaren sin fantasi og vitskaparevne er viktige faktorar når det gjeld å utlegge data, korleis kan ein då med rette hevde at naturvitskapen er objektiv? Ein kan nok omgå spørsmålet sitt implisitte svar ved å hevde at vitskapen har eigne reglar og standarder for kva som er god forsking, men ein kjem likevel ikkje utanom det faktum at dataorientert fantasi er noko subjektivt. Det kan til og med argumenterast for at den menneskelege fantasien ikkje strekk til for å gje ei korrekt og rasjonell tolking av vitskaplege data. Vi står her framfor ei metafysisk myr som ikkje eignar seg særleg godt som fundament for bygging av trua på den vitskaplege objektiviteten. Myrmetaforen er metafysisk fordi han søker å vise at erkjenninga vert konstituert i vitskaparen si førvitskaplege verd og at ein difor kan ha stengsler for kunnskap som vanskeleg kan overvinnast ved hjelp av empiri. Ved dette vil tilgangen til sanninga verte avgrensa.
I medisinen vil vi ha ei blanding av theoria, praxis og poiesis. Det er ikkje utenkjeleg at dette blandingsforholdet kan være ulikt for ulike vitskapar. Til dømes kan fysikk og kjemi vere meir prega av theoria enn biologi og medisin, som på si side er meir prega av praxis og poiesis enn fysikken. Det er derfor mogeleg at sanning er noko anna i medisinen enn i fysikken, og at dette er ein av grunnane til at prediksjonar er meir presise i fysikken enn i medisinen. Eg er samd med Braut når han hevdar at ”medisinen er eit gigantisk stokastisk prosjekt” (10). Prosjektet er stokastisk ikkje berre som fylgje av vår avgrensa kunnskap, men på ein fundamental måte som fylgje av biologien sin evolusjonære natur. Sanninga finst nok ein plass der ute, men det er ikkje gitt at vi veit når vi har fanga henne. Dessutan er det viktig å ha for augo at sanninga ikkje er einskapleg, men mangearta.
Eg trur ikkje at legar står tilbake for andre grupper med omsyn til allmenndanning og innsikt i andre menneske sine tilhøve. Derimot trur eg at nokre medisinstudentar og mange pasientar har ei for enkel forståing av medisinen sin eigenart. Den frustrasjon og misnøye hos pasientar og legar som Nylenna (1) skriv om, har truleg eitt av sine opphav i ei einsidig oppfatning av legegjerninga som teknifisert vitskap. Biologiske og psykologiske variablar står i komplekse relasjonar til kvarandre og let seg dermed vanskeleg kontrollere og skildre eintydig. Dersom medisinen vert vurdert som ei form for teknologisk rasjonell aktivitet, spelar både lege og pasient på feil banehalvdel. Ein gløymer at medisinen er eit stokastisk foretak der mål-middel-relasjonane sjeldan er eintydige. Ein gløymer også at medisinen i stor grad er empirisk og statistisk fundert og at det på mange område ikkje finst eintydige kausale relasjonar.