Nynorsk i pasientjournalen

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Språket i pasientjournalane er jamt over styrt av legane og anna helsepersonell. Ei auka interesse for språk som ein eigen innsatsfaktor, kan gagna både nynorsk og bokmål som fagspråk i helsetenesta.

    Ganske så grovt kan vi seie at journalen er staden der pasienten blir til tekst (1, 2). Rett nok finst det i journalen ikkje berre ord og setningar, men også tal, og i våre dagar gjerne mengdevis av bilete og grafikk. Men både tal, bilete og grafiske uttrykk blir ofte omtala og tolka i form av det skrivne ordet.

    Opphavleg var den medisinske journalen ein arbeidsreiskap for legen. Journalen gav slik sett uttrykk for korleis legen oppfatta pasienten. Ved ein dom i Høgsterett i 1977 blei denne tradisjonen broten (1). Vi snakkar ikkje lenger om legejournalen, men om pasientjournalen. Likevel er det framleis slik at språkbruken avspeglar helsepersonellets språklege identitet. Kanskje må det også vere slik dersom journalen skal fungere som ein reiskap i det daglege, kliniske arbeidet.

    Kven og kva styrer språkbruken?

    Kven og kva styrer språkbruken?

    Pasientjournalen skal som hovudregel skrivast på norsk (3). Det er likevel ikkje nemnd noko i pasientjournalforskrifta om bruk av nynorsk eller bokmål, trass i at bokmål og nynorsk er likeverdige, norske språk. Språklova som tredde i kraft i 2022, legg til grunn at dokument som er retta mot ein einskildperson, skal vere på det norske skriftspråket som personen sjølv ønskjer.

    Mot dette prinsippet står styringsretten som arbeidsgivaren har over dei tilsette, og som også omfattar retten til å fastsetje kva språk som skal nyttast i det skriftlege arbeidet i verksemda. Det er derfor nærliggjande å fastslå at det er helsepersonellet som sjølve styrer språkbruken i pasientjournalane.

    Denne språkbruken er i det vesentlege prega av det språket legane og anna helsepersonell møter i lærebøker og undervising i grunnutdanningane (1). På 1970-talet utvikla Medisinsk Mållag mønsterjournalar på nynorsk innanfor ulike medisinske fagfelt. Arbeidet blei avslutta i 1978 og munna ut i boka Medisinsk journalskriving. Denne boka kom i ei ny og utvida utgåve i 1987 (4), men er ikkje lenger i sal.

    Det finst nokre bøker med rettleiing om språkbruk i pasientjournalane (5, 6), men desse omtalar ikkje val av målform. Dei legg stor vekt på at alle omgrep som blir brukte, skal vere veldefinerte og ikkje til å misforstå. Ei ny lærebok i sjukepleie drøftar munnleg og skriftleg språkbruk, allmennspråk og fagspråk og bruk av bokmål, nynorsk og dialektar (7).

    Tryggleik og tolking

    Tryggleik og tolking

    Upresis kommunikasjon og mistydingar kan medføre risiko for svikt og uønskte hendingar i helsetenesta (8). Eit brot med det bokmålsdominerte språkhegemoniet i journalinnføringa kan medføre ein risiko for mistydingar. Ein kan ikkje sjå vekk frå at sjukehistoria som er fortald til legen med pasientens stemme, gjerne på dialekt eller utan morsmålsfeste i norsk, likevel er tryggare på bokmål enn den er på nynorsk.

    Alle som skriv og les pasientjournalar, må forstå at det som til slutt endar opp som tekst i journalen, byggjer på den som skriv journalen sine tolkingar av utsegner og observasjonar

    Alle som skriv og les pasientjournalar, må forstå at det som til slutt endar opp som tekst i journalen, byggjer på den som skriv journalen sine tolkingar av utsegner og observasjonar. I anamnesedelen av journalen er det minst to språklege tolkingsledd: Det første leddet er mellom pasienten og legen; det andre er mellom legen si forståing av pasienten og det som legen formulerer i journalteksten. Dersom ein dikterer til sekretær eller taleforståingsautomatikk, får ein enno eit utfordrande tolkingsledd å ta omsyn til.

    Språklege utfordringar

    Språklege utfordringar

    I spenninga mellom journalskriving på bokmål og nynorsk ligg det også andre utfordringar. Nynorsk er jamt over meir prega av aktiv språkbruk. Det medfører gjerne at ein må plassere nokon som subjekt i setninga. «Røntgen toraks ønskes» blir då «Eg ber om røntgen toraks». Oftast bør vel det gå bra, sjølv om det blir nokre bokstavar meir å skrive.

    Men imellom kan det kanskje vere freistande med ein passivkonstruksjon for å unngå å setje seg sjølv som journalskrivar i ein verbal ansvarsposisjon? «Pasienten verkar rusa», eller «Pasienten fremstår som beruset» er noko mindre forpliktande enn «Eg meiner pasienten er rusa».

    Vegen vidare

    Vegen vidare

    Grovt rekna nyttar rundt 10 % av innbyggjarane i Noreg nynorsk som personleg skriftspråk. Bruken av nynorsk i pasientjournalane er nok monaleg mindre enn dette. Likevel opplever eg at det er lettare å nytte nynorsk i ulike faglege samanhengar no, også i klinisk verksemd, enn det var på 1970-talet.

    Men eg har lita tru på at eit lovpålegg om bruk av nynorsk i pasientjournalane vil ha noko for seg. Då har eg større tru på at utdanningsinstitusjonane, i særlig grad dei medisinske fakulteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, tar på alvor arbeidet med å setje norsk medisinsk og helsefagleg fagspråk høgare opp på dagsorden. Medisinsk fagspråk vert påverka av engelsk. Det er ikkje nynorsk som er mest pressa, men norsk fagspråk allment sett.

    Teksten er basert på eit kapittel (1) i boka Pasientjournalen – språk, dokumentasjon og helsekompetanse (9).

    PDF
    Skriv ut
    Kommenter artikkel

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media