Artikkel
Mickael Bech, Per Jørgensen, Søren Barlebo Rasmussen, red.
Hvordan skaber vi fremtidens sundhedsvæsen?
280 s., ill. København: FADL'S Forlag, 2023. Pris DKK 300
ISBN 978-87-94207-89-8
Formålet med denne boka er å inspirere og stimulere til debatt om utviklinga av helsetenesta innanfor rammene av den politisk styrte velferdsstaten. Forfattarane ser for seg at boka kan brukast til utdanningsformål. Det trur eg dei kan ha rett i. Boka bør vere ein grei tekst til dømes for mastergradsstudentar innanfor organisasjon og leiarskap.
Boka er bygd opp som ein antologi med 16 kapittel. Kvart av kapitla kan lesast for seg, men samanhengen mellom dei er betre enn det vi ofte finn i antologiar. Språkføringa er god og teksten lett å lese. Dei aller fleste av dei 20 forfattarane har godt ankerfeste i dansk helseadministrasjon og innovasjonsarbeid i helsetenesta. Sidan det er store likskapar mellom struktur og funksjon i den danske og den norske helsetenesta, har store delar av stoffet direkte overføringsverdi til oss.
Det faglege innhaldet i dei ulike kapitla er det ikkje noko å seie på. Men eg finn lite nytt. Utfordringsbiletet er kjent, løysingsforslaga like eins. Offentleg-privat samarbeid og digitalisering er godt omtalt, og brukarmedverknad i forsking og innovasjon blir fint presentert. Eg saknar noko om utfordringane med pasienten som «forbrukar». Eit betre samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta blir etterlyst, men prioriteringsspørsmåla ved den grenseflata er ikkje drøfta. Overdiagnostikk er så vidt nemnd, men screeningoptimismen er ikkje behandla. Eg kunne også ønskt meg eit kapittel om helsetenesta sitt møte med bioteknologiske nyvinningar og persontilpassa medisin.
Det er likevel to moment som gjorde at eg fann boka godt leseverdig. Det eine spennande momentet er analysane av forholdet mellom forsking og innovasjon. Det er ikkje berre to sider av same sak. Det handlar også om meir enn at innovasjon omfattar implementering. Sjølv om innovasjon er sterkt politisk etterspurt, har dette ikkje den same tydelege lovforankringa som forsking og drift har. Det kan til dømes forklare at dei mengdene vi har av kvantitative data frå drifta, ikkje blir brukt til utvikling av tenestetilbodet i så stor grad som ønskjeleg.
Sist, men ikkje minst, er det ein gjennomgåande positiv tone i dei faglege bodskapane. Ja, vi har problem, men dei kan vi løyse. Vi har utfordringar, men velferdsstaten er i stand til å møte dei. Boka er ein frisk pust i den helsepolitiske debatten der alt det elendige elles får stort rom.