Solid gjengangar om leiing i helsetenesta

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Arne Orvik

    Organisatorisk kompetanse

    Innføring i faglig ledelse, samhandling og kvalitetsforbedring. 3. utg. 405 s., tab., ill. Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2022. Pris NOK 699

    ISBN 978-82-02-71353-9

    Når ei bok av dette slaget kjem ut i si tredje utgåve, er det eit teikn på at ho har stått sin prøve for lesarkretsen. Dette er såleis ei robust bok, både i omfang og innhald. Forfattaren skriv at boka er laga for helsefagstudentar på bachelornivå. Det stussar eg litt over. Eg meiner ho er i største laget for desse studentane, særleg fordi dei må supplera med litteratur innanfor helsepolitikk, helserett og etikk for å oppfylla forskriftskrava. Boka er likevel godt eigna for mastergradsstudentar innanfor organisasjon og leiarskap og som oppslagsbok for leiarar, noko som forfattaren også peikar på i forordet.

    Teksten byggjer på ei forståing av at helsearbeidarar på alle nivå må ha ein «dobbeltkompetanse», altså både den fagspesifikke kompetansen sin og organisasjonskompetanse. Det siste er ikkje minst nødvendig for å kjenna plassen sin i systemet og vita korleis ein best kan arbeida saman med andre. Forfattaren legg vekta på velprøvde leiarskapsteoriar. Han har makta å plukka opp nyare materiale, til dømes om kompleksitet i ytinga av helsetenester. Boka gir massevis av innfallsvinklar til å forstå og analysera yting av helsetenester i eit systemperspektiv. Forfattaren er også raus med å gi praktiske døme.

    For ein kritisk lesar er det sjølvsagt alltid noko å pirka på i ei bok som dette. Omtalen av kravet til forsvarleg verksemd er velstrukturert og god. Eit faghefte frå Sjukepleiarforbundet blir nytta som hovudkjelde. Det er vel og bra, men når boka også har anna helsepersonell som målgruppe, kunne ein ønskt seg ei kopling til omtalen av dette kravet i lovforarbeida.

    Omtalen av arbeidsmiljø er knapp og kjem heilt til slutt i boka. Det er synd, for nettopp arbeidsmiljøspørsmål står sentralt i det daglege arbeidet for alle leiarar som skal få turnusplanar og ytingskrav til å gå i hop. Helseøkonomiske vurderingar er jamt over fråverande, ut over eit kort avsnitt om produktivitet og effektivitet. Når budsjettkrav og styringsdokument er noko alle leiarar må ha eit forhold til, burde det vore med noko meir økonomisk fagstoff.

    Teksten er lettlesen, men ordrik. Til dømes kunne ein fått ein noko kortare tekst ved å samla tema som kvalitetsarbeid og prioritering. Det ville ha brote noko med inndelinga av boka i tre delar, men hadde gjort henne betre eigna som oppslagsbok.

    PDF
    Skriv ut
    Kommenter artikkel

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media