Morten Borgersen
Våre stemmer: Torturoverlevere
Vi som skulle tie. 215 s., ill. Oslo: Forlaget Press, 2022. Pris NOK 399
ISBN 978-82-3280-380-4
Boka er nummer tre i ein serie kalla Våre stemmer , initiert av folk ved Sørlandet sjukehus. Tema for dei tidlegare bøkene er hiv og ME. Torturoverlevere er utgitt til 35-årsmarkeringa for FNs torturkonvensjon. Boka ligg føre i både norsk og engelsk versjon.
Talet på personar i Noreg som har overlevd tortur, er ikkje kjent, men dei utgjer fleire tusen. Boka inneheld intervju med 22 av desse, halvparten er anonymiserte ved bruk av pseudonym og tilslørte bilde. Alle har ei historie om umenneskeleg behandling, som har resultert i ei livslang bør av synlege og usynlege seinfølger. Dei intervjua kjem frå 14 ulike land, fordelte på Europa, Afrika, Asia og Sør-Amerika. Lesaren får kjennskap til korfor dei blei torturerte, torturmetodar, flukt, reise til Noreg og opplevingar med norske styresmakter. I tillegg til torturoffera er åtte fagpersonar med brei erfaring frå arbeid med torturskadde blitt intervjua.
Årsakene til at dei 22 intervjuobjekta er blitt utsette for tortur, spenner over eit vidt spekter. For fleirtalet dreiar det seg om deltaking i verksemd som eit totalitært regime har opplevd som trugande. Det kan vere deltaking i demonstrasjonar, kritiske ord, journalistikk, sosial og humanitær verksemd, tilknyting til motstandsgrupper, organisering av arbeidarar eller nekting av militærteneste. For nokon er bakgrunnen deira etnisitet eller seksuelle legning. Torturoverlevere gir eit godt innblikk i breidda og kompleksiteten til temaet.
Sjølv om emnet er dystert, er boka lettlesen. Ho er rikt illustrert med talande fotografi tatt av Fin Serck-Hanssen. Etter lesinga er det vanskeleg å legge boka bort utan å ha blitt mentalt påverka av bodskapen.
Målgruppa for boka er brei. Det er inga lærebok, men ho kan likevel vere nyttig for helsepersonell, ikkje minst allmennlegar. Viktige aspekt ved det å skulle leve vidare i eit nytt land etter gjennomgåtte torturopplevingar kjem godt fram. Sørlandet sjukehus, representert ved overlege Birgit Lie, fortener all ære for initiativet til å få boka gitt ut.
Dessverre saknar vi ei norsk lærebok om diagnostikk, behandling og rehabilitering av torturoffer. Det er freistande å utfordre Sørlandet sjukehus til å utvide initiativet sitt: Boka for eit allment publikum bør følgast opp med ei lærebok! Kanskje kan dei åtte fagfolka som er intervjua i boka, trekkast inn i eit slikt prosjekt?