Omfattande og analytisk om helserett

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Anne Kjersti Befring

    Helseretten

    1 003 s, ill. Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2022. Pris NOK 849

    ISBN 978-82-02-71035-4

    Dette er den mest omfattande omtalen av den norske helseretten som er utgitt til no. Målgruppa er juristar i ulike roller og tilsette i helseadministrasjonen og forvaltninga, i tillegg til helsepersonell og andre interesserte.

    Teksten er i og for seg lettlesen, men omfanget er så stort og detaljane så mange at dei aller fleste truleg kjem til å bruke boka mest som eit oppslagsverk. Det vil i så fall vere trist, for boka er bygd opp slik at ho gir ei fin og logisk framstilling av grunnlaget for og systematikken i dette rettsområdet for dei som vel å lese henne frå først til sist. Boka omfattar også emne som iblant ikkje er tatt med i helserettslitteraturen, slik som folkehelsearbeid, beredskap, smittevern og bioteknologi. Men miljøretta helsevern er ikkje omfatta.

    Dei tematiske kapitla er gjennomgåande organiserte slik at lesaren først får ei trygg innføring i dei rettskrava som gjeld, og korleis dei blir tolka av juristane i ulike samanhengar. I tillegg til sjølve lovteksten og andre tradisjonelle rettskjelder som lovforarbeid og avgjerder frå domstolane byggjer forfattaren på avgjerder og utsegner frå forvaltninga og relevant juridisk faglitteratur.

    Etter denne allmenne forklåringa presenterer forfattaren i dei fleste kapitla analysar der rettskrava blir drøfta i konkrete saker. I desse analysane gir ho oss også meir av sine eigne, fagleg grunngitte vurderingar. Dette er flott faglitteratur, som opnar opp for lesaren til å delta i refleksjonen. Dersom ein har ein viss kjennskap til det rettslege grunnlaget på førehand, kan analysane lesast som sjølvstendige tekstar. Dette gjer også at boka blir meir enn ei lærebok og skil henne noko frå den omfattande og fagleg gode helserettslitteraturen vi elles har her i landet.

    Noko anna som skil denne boka frå tidlegare helserettsbøker, er den sterke koplinga opp mot internasjonal rett. Dette kjem dels av ein auke i den internasjonale reguleringa innanfor til dømes personvern, smittevern, bioteknologi og grenseoverskridande helsehjelp. Men dels kjem det også av at allmenne menneskerettslege normer har fått meir og meir å seie for forholdet mellom einskildmenneske og offentleg tenesteyting, slik som helsehjelp.

    Sjølvsagt er det noko eg saknar. Eg kunne ønskt at analysane var med også i dei siste kapitla, som handlar om arbeidsgivaransvaret og tilsyns-, klage- og kontrollordningar. Der burde Sivilombodet også fått ein plass.

    PDF
    Skriv ut
    Kommenter artikkel

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media