La meg lese det same som kollegaene mine

Helge Danielsen Om forfatteren
Artikkel

Helseforetaka misligheld rammeavtalen med avtalespesialistane og gir ikkje tilgang til bibliotektenester på lik linje med kollegaene våre på universitetssjukehusa.

Rammeavtalen mellom Den norske legeforening og helseforetaka regulerer drift av avtalepraksis utanfor sjukehusa. § 7 i avtalen gjeld «opplæring, kunnskaps- og kompetanseutvikling» og i pkt 7.2 står det at helseforetaka skal legge til rette for tilgang til bibliotektenester m.m. (1):

«RHF (Regionale helseforetak) vil gjennom HF legge til rette for at legen gis mulighet for tilgang til faglig bibliotektjenester på lik linje med egne ansatte, samt mulighet til å delta i opplæringsvirksomhet så som kurs, seminarer o.l.»

Tilgang til bibliotektenester gjeld mellom anna digitale tenester med onlinetilgang til oppslagsverk, bøker og tidsskrift som er spesifikke for den enkelte spesialitet.

Dette tilbodet kan helseforetaka ikkje gi til avtalespesialistar. Eg har tatt dette opp fleire gonger med helseforetaket mitt, Helse Vest. Svaret eg har fått, er at det er avgrensingar på grunn av lisensreglar som gjer at punkt 7.2 i rammeavtalen ikkje er gjennomført.

Dei som ser for seg at me skal oppsøke biblioteka fysisk, forstår ikkje korleis det er drive avtalepraksis på perifere plassar i Noreg

I 2019 tok eg opp problemstillinga med Legeforeningen sentralt. Dei gir det same svaret, at helseforetaka har inngått lisensavtalar som gjer at avtalespesialistar ikkje kan inkluderast. Legeforeningen nemner også at avtalespesialistane visse stader kan «komme til bibliotekenes lokaler». Å reise fysisk til biblioteket er meiningslaust. For meg er det 100 kilometer kvar veg til universitetsbiblioteket på Haukeland. Dei som ser for seg at me skal oppsøke biblioteka fysisk, forstår ikkje korleis det er drive avtalepraksis på perifere plassar i Noreg.

Praktiserende spesialisters landsforening (PSL) har per 1.1.2021 1 024 yrkesaktive medlemmer fordelt på dei fleste kliniske spesialitetar. Me er spreidd over heile landet, i by og bygd. Mange arbeider i solopraksis eller i mindre gruppepraksisar. Digital tilgang til faglitteratur for den enkelte spesialitet er ein naturleg og svært viktig del av spesialistpraksisen, ikkje minst på grunn av den strukturen me har, der me står utanfor dei store fagfellesskapa som finst på spesialavdelingane. Avtalen om tilgang til bibliotektenester er difor ein svært viktig del av rammeavtalen, men den er altså misligholdt.

Om det betyr at helseforetaka må kjøpe nye lisensar, så får dei gjere det

Då eg skreiv under samarbeidsavtalen min med Helse Vest for nokre år sidan, rekna eg med at det som står i § 7.2 skulle bli gjennomført. Det har ikkje skjedd. Eg forventar at dette blir ordna no. Me kan ikkje akseptere at «lisensproblem» skal stoppe gjennomføringa av dette. Slik kan me ikkje ha det i 2021, der vår viktigaste tilgang til kunnskap er digital. Eg utfordrar difor avtalepartane, Legeforeningen og helseforetaka, til å setje seg ned og løyse dette. Om det betyr at helseforetaka må kjøpe nye lisensar, så får dei gjere det, slik at avtalespesialistane får dei faglege rettane som avtalen slår fast.

Essensen her er å forstå at spesialisthelsetenesta må ha lik tilgang til faglitteratur, uavhengig av om ein arbeider på universitetssjukehus eller i avtalepraksis i perifere strøk.

Etter mi meining er gjennomføring av rammeavtalen § 7.2 svært viktig for vidare utvikling av spesialisthelsetenesta utanfor sjukehus. Noreg er eit grisgrendt land, og vil alltid vere det. Men breiband har me – overalt.

Anbefalte artikler