Bølgjer i ei lever

Kristian Kolnes, Thomas Kleinrath, Naohisa Kamiyama Om forfatterne

Bilete og video viser eit iaugefallande fenomen som kan oppstå i levra ved ultralyd med kontrastmiddel. Ein mann var tilvist til kontrastforsterka ultralydrettleia biopsi av ein mistenkt metastase i levra. Etter biopseringa vart levra skanna med konvensjonell gråtoneundersøking (høg akustisk energi). Då oppstod ei ekkorik/lys bølgje som tilsynelatande rulla fram og tilbake gjennom levervevet. Likskapen med nordlys var slåande.

Kontrastvæska som vert gitt intravenøst inneheld tallrike gassbobler med storleik om lag som blodlekamar. Boblene sirkulerer i blodet og gir auka ekko frå vevet. Metastasar vil oftast vere mørke. Dels grunna energien frå ultralydbølgjene vil boblene etter kvart breste, og då oppstår kortvarig høgt ekko. Eit ultralydprogram med låg akustisk energi vert nytta for å forseinke bobleknusinga.

Fenomenet er beskrive tidlegare (1). Den ekkorike bølgja representerer pågåande knusing av bobler på grunn av høg akustisk energi. Dette skjer i grensa mellom ventrale del, som er ekkofattig og der dei fleste boblene allereie er knuste, og dorsale del, som er ekkorik og der færre bobler er knuste. Bølgja fer tilsynelatande fram og tilbake fordi ein beveger ultralydproben og pasienten pustar. Dessutan beveger bølgja seg langsomt i dorsal retning under den kontinuerlege bobleknusinga. Vi nytta kontrastvæska Sonazoid. Boblene i dette kontrastmiddelet er robuste mot akustisk trykk, og toler fleire ultralydsveip før dei sprekk. Bølgjene oppstår ikkje ved skanning med låg energi, men inntreffer rett etter skifte til høg energi. Dette har vi seinare reprodusert gjentekne gongar og hos ulike pasientar.

Fenomenet er ein artefakt og har inga klinisk betydning, men er nyttig å kjenne til for alle som praktiserer kontrastforsterka ultralyd med Sonazoid.

Pasienten har samtykt til at artikkelen blir publisert.

Artikkelen er fagfellevurdert.

Kommentarer

(0)

Anbefalte artikler