Aslak Bråtveit Om forfatteren

Elin Marie Fredriksen

Forglem meg ei

Historier om demens. 170 s, ill. Oslo: Aschehoug, 2018. Pris NOK 349

ISBN 978-82-03-29666-6

Det er kome ein del bøker der familiar står fram med forteljingar om eit familiemedlem som har fått demenssjukdom. Slike forteljingar synleggjer både gleder og sorger som den demenssjuke og pårørande kan ha.

Tittelen på omslaget og fargebileta kunne mint om endå ei pårørandebok.

Eg tok feil.

Boka er i staden ei innføringsbok i demens, med ei blanding av innførings- og oversiktstekstar. Fagfelt som epidemiologi, diagnostikk, forsking, institusjonsomsorg, forventingar til teknologi etc. har eigne kapittel. Sjukdomen sine konsekvensar for privat- og familieliv, behovet for økonomiske og menneskelege ressursar og nødvendig omstilling i samfunnet vert framstilt med tyngd.

Tekstane er lødig skrivne, og forfattaren nyttar få framandord. Ho er tidvis beisk i kritikken av passiv institusjonsomsorg, men lèt seg begeistra over tiltak som aktiviserer og inkluderer. Standardtilbod kan verta ein tragedie for mange. Det må tenkjast nytt.

Churchill skal ha sagt at krigføring er for alvorleg til å overlata til generalane. Forfattaren tykkjest seia det same om demenslidingane: Samfunnsutfordringa dei representerer overgår det som helsestell eller institusjonar kan rå med. Det er sjølve storsamfunnet som må ta regien og tilpassa seg. Talet på både dei unge og dei svært gamle demente stig. Demensprevalens aukar med alderen. Tidlegdiagnostisering av 40–60-åringar vil auka. Er det rett å stilla ein diagnose når effektiv handsaming vantar? Til no har forsking på medisinar gitt skuffande resultat og lite framgang.

Boka inneheld personlege historier der demenssjuke eller pårørande illustrerer korleis livet endra seg etter at diagnosen vart stilt. Intervjua gjer tekstane personlege og nære. Den einskilde har sin bakgrunn, personlegdom, preferansar og behov. Dei fleste historiene gjeld heimeverande eldre. Fargebilete høver til historiene, gir liv og nærleik til teksten og luft og fylde mellom tekstsavsnitta. Gjennom andletsuttrykk, klesdrakt og positur trer personlegdomane fram.

Boka fungerer både for lek og lærd. Den som arbeider med demenssjuke får ny påminning om å tilpassa eiga åtferd og eigne tiltak. Ho både illustrerer og provoserer. Tekstane er ikkje djupe eller inngåande nok til å kallast lærebok. Likevel set ho problemstillingane i perspektiv og lyftar blikket utover. Boka kan gi samfunnsplanleggarar, politikarar og administratorar bakgrunnskunnskap til å fatta avgjerder.

Skulle heile landet vore ein stor demenslandsby?

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler