Amerikansk eksamensførebuing i allmennmedisin

Steinar Hunskår Om forfatteren
Artikkel

Tallia, Alfred F.

Scherger, Joseph E.

Dickey, Nancy W.

Swanson’s family medicine review

A problem-oriented approach. 8. utg. 868 s, tab, ill. Philadelphia, PA: Elsevier, 2016. Pris EUR 69

ISBN 978-0-323-35632-9

Dette er åttande utgåve av ei kjend og mykje nytta eksamensførebuande bok i allmennmedisin i USA. Målgruppa er allmennlegar som tek spesialisteksamen, og formatet er fleirvalsoppgåver knytt til alle slags kliniske problemstillingar relevant for allmennpraksis. Boka har 173 kapittel, der eit kapittel i praksis er ein sjukdom eller klinisk problemstilling. Eksempel er sjukdommar som pankreatitt, diabetes mellitus og nyrestein, kliniske problem som alkoholavhengighet, prevensjon og liggesår, men også meir spesielle tema som barotrauma, fødselsvanskar og bioterrorisme.

Eit kapittel har ein eller fleire kliniske vignettar, deretter kjem 5 – 20 fleirvalsoppgåver med vanlegvis fem svaralternativ før det rette svaralternativet vert kommentert og diskutert. Så kjem ei summarisk kunnskapsoppsummering i form av tekst, tabell eller figur. Til slutt er det ei kort litteraturliste med tilrådd vidare lesing, vanlegvis oversiktsartiklar eller kliniske retningsliner, men av og til ei liste med originalartiklar.

Boka er altså veldig innretta på å hente inn kunnskap for eksamen basert på fleirvalsspørsmål. Den kan likevel godt eigne seg som repetisjonsbok for ein som vil lese korte fagtekstar etter først å blitt utfordra på eige kunnskapsnivå gjennom fleirvalsoppgåver.

Eg vil ikkje tilrå den som studentlærebok i allmennmedisin, heller ikkje for studentar som primært treng ei engelskspråkleg lærebok. Norske allmennlegar har god tilgang til norskspråklege bøker og nettbaserte nasjonale og internasjonale kjelder. For undervisarar i grunnutdanninga i allmennmedisin som skal lage eksamensoppgåver etter fleirvalsprinsippet, kan den vere ei god kjelde til idear og konkrete forslag. Men både spørsmål og svar treng ein del tilrettelegging til norske tilhøve.

Anbefalte artikler