Ei handbok til glede

Elling Ulvestad Om forfatteren

Eikenes, Åsmund H.

Handboka

Alt du vil vite om hendene dine – og litt til. 183 s. Oslo: Samlaget, 2016. Pris NOK 299

ISBN 978-82-521-9011-3

Tittelen på boka har dobbel tyding. Handboka er ei bok om hender, men også eit manualprega manus; boka er noko så sjeldan som ei velskriven og lettlest bok om menneskets biologiske utvikling og reguleringa av denne. I undertittelen «Alt du vil vite om hendene dine – og litt til», kunne orda etter tankestreken med fordel ha vore «og mykje meir». For det er dette «mykje meir» som gjer boka så verdfull for lesaren.

Forfattaren av Handboka er cellebiolog og har arbeidd mykje med bananflugenes utviklingsbiologi. Gjennom dette arbeidet har han fått inngåande kjennskap til dei molekylære og cellulære kreftene som saman med omgjevnadskrefter bygger opp ein organisme. Og denne kunnskapen nyttar han no til å gi lesaren eit vitskapleg fundert djupdykk i menneskets utvikling frå fertilisert egg til vaksen. Her er likevel inga enkel ekstrapolering frå fluge til menneske; mennesket vert omtalt utifrå eigne og godt grunngjevne premiss. Det heile vert sydd saman gjennom anekdotiske betraktningar frå forfattaren sin eigen oppvekst «i ei solrik bygd på Vestlandet». Ein skulle tru at slike digresjonar verka støyande meir enn klargjerande, men her fungerer dei godt ved å gi meining og samstundes perspektiv til dei djupare fagdiskusjonane.

Boka er delt i seks delar som alle tek utgangspunkt i funksjonar som har med hendene å gjere. Og dermed får boka ein raud tråd som sørgjer for at mykje av menneskets biologi kan nøstast inn på ein god måte. På naturleg vis vert evolusjonsbiologi, anatomi, fysiologi, biokjemi, cellebiologi og infeksjonsimmunologi sydd saman til eit bilete av notidsmennesket slik dette ter seg i lag med andre menneske. Endåtil eit mogleg framtidsmenneske vert skissert i samband med presentasjon av nye teknologiske metodar for å endre arvestoffet.

Boka har ingen illustrasjonar, men teksten er så biletrik at fråveret ikkje vert opplevd som ein mangel. Det er heller ikkje lagt inn referansetilvisingar i teksten, men eit kapittel sist i boka summerer opp dei mest relevante publikasjonane for kvar av dei seks delane. Dette vert opplevd som tilstrekkeleg.

Det er lett å la seg begeistre av Handboka, og dersom eg skulle tilrå den vordande medisinarstudenten ei eller fleire bøker å lese før studiestart, ville denne boka stå svært høgt på mi liste. Også legar som ynskjer ein lettfatteleg, men likevel vitskapleg vel fundert introduksjon til menneskets utvikling og funksjon, vil ha glede av boka.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler