Artikkel
I Tidsskriftet nr. 20/2016 spør to «tittelforvirra medisinstudentar» om doktor kan brukast synonymt med lege (eller lækjar), og i svaret frå Erlend Hem blir dette stadfesta som rett (1) . Så enkelt er det nok ikkje, i alle fall ikkje på nynorsk som er målforma som er nytta av spørsmålsstillarane. På nynorsk tyder doktor ein som har teke den akademiske graden som ein kallar doktorgraden (1) . Ein treng m.a.o. ikkje å vera medisinar for å vera doktor. Derimot er ordet dokter (med -e-) synonymt med lege/lækjar (2) . Dette svarar godt til uttalen som folk flest brukar om dokter i tydinga lege/lækjar. Men det er vanleg å forkorte både dokter og doktor med dr. På bokmål, derimot, blir doktor (noko overraskande for meg) brukt både om ein som har doktorgrad og om ein som er lege/lækjar (3) .