Legevakt og reiseavstand

Guttorm Raknes Om forfatteren

Det er klar samanheng mellom avstand til legevaktlokalet og kor ofte innbyggjarane nyttar legevakttenestene.

Guttorm Raknes. Foto: privat

I dei siste tiåra har legevakttenestene blitt sentraliserte. Stadig fleire interkommunale ordningar medfører lengre veg til legevakt for mange. I doktorgradsarbeidet mitt har eg undersøkt om reiseavstand har noko å seie for kor mykje legevakta vert brukt.

Datagrunnlaget er registreringar av all kontakt ved sju representative legevakter frå 2007 til 2011 og registerdata frå alle rekningskort frå legevaktlegar i 2011. Eg utvikla ein ny metode for å rekne ut gjennomsnittleg tid og avstand til legevakt for innbyggjarane i ein kommune. I tillegg rekna eg ut avstanden til legevakt for alle norske kommunar der det var mogeleg.

I tre av studiane fann eg at for kvar kilometer auka avstand til legevakta fall legekonsultasjonsraten med 1,3 – 1,8 %. Lang avstand var assosiert med reduksjon av alle kontakttypar, bortsett frå telefonkonsultasjonar. Også for dei mest akutte tilfella var det reduksjon med aukande avstand.

Vi fann at dei fleste kommunane har relativt kort avstand til legevakta. Median maksimal reiseavstand var 19 km eller 22 minutt. For kommunar med fast legevaktlokale var median reiseavstand 13 kilometer eller 16 minutt. 10 % av kommunane hadde meir enn ein time til legevakt, men folketalet i desse kommunane utgjorde berre 2 % av totalen i Noreg.

Doktorgradsarbeidet tyder på ulik tilgang på legevakttenester på grunn av avstand. Tiltak for å utjamne ulik bruk av legevakt bør vurderast.

Disputas

Guttorm Raknes disputerte for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen 2.9. 2015. Tittelen på avhandlingen er Reisetid, reiseavstand og bruk av legevakt.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler