Legekontor og sjukeheim
På legekontoret er arbeidsrutinane endra. Utanom dei vanlege allmennlegeoppgåvene, avtalebøker med fulle dagslister og vaktarbeid, sit eg i telefonen medan eg skriv ut sjukmeldingar. Sjukmeldingane kan ikkje vente, og pasientane er for sjuke til å kome på kontoret.
Etter arbeidstid ber det av garde til sjukeheimen. Me er inne i ein lokalepidemi eg verken før eller sidan har opplevd.
Medan eg med ektefelle og svigerforeldre var i Frankrike, har fleire av pasientane sjukna inn brått og alvorleg. Dagstøtt vert det meldt om nye febersjuke pasientar. Me to legane på kommunelegekontoret må rett som det er springe på sjukeheimen midt i dagen. Dessutan må me dit ettermiddag og kveld. Sjuke- og hjelpepleiarar har det annsamt. Det er mykje å gjere, det trengst ekstra mannskap. Kvar dag er det meldingar om nye sjuke. Nokre fell i koma. Gamle damer ligg i senga med høyrbar tung pust og ulydar frå brystet. Stetoskopet byr på ein kakofoni av framandlydar. Er det ødem, slim eller fortettingar? Me prøver med vanndrivande medisinar, antibiotika, drikke, til og med intravenøs væske, alt etter kva lungesymptom og funn, forstyrra medvit, blodtrykk eller testar kan gje hint om. Ingen tiltak tykkjest effektive. Ein del pasientar kjem seg ut or sjukdomen, trass i alle prognosar, men mange døyr. Ei kvinne sit ved matbordet om morgonen, innsjuknar på dagen og vert lagt i kista same kvelden.
Sykja rasar over sjukeheimen på tri veker og gjer to fredelege pleieavdelingar om til palliative storavdelingar. Personellet slit, men oppgåvene og det etiske imperativ manar til tapper innsats. Tankane går attende til 1918, til den uhyrlege spanskesykja.
Av dei 30 som er på heimen, vert 25 sjuke og 11 døyr. Eit par pasientar utanom var døyande då sykja råka. Ingen i bygda elles døyr.
Etter at epidemien er over, har me oppsummeringsmøte med alle tilsette på sjukeheimen. Erfaringar, tankar og kjensler vert delte. Nokre helsearbeidarar vart sjuke, nokre hadde sjuke familiemedlemmer. Det var imponerande korleis dei tok seg av einannan og gjorde arbeidet utan å verte motlause og nedbrotne. Sorga er der, men ikkje meiningsløyse eller klage. Det vert gitt og motteke ros for innsats.
Tanken på å leggje inn dei dødssjuke på sentralsjukehuset la me bort. Me trudde ikkje at overlevingsvonene var betre der. Nedsmittinga hjå oss var skræmande og kunne vorte overført til isolat og intensivavdelingar. Pasientar frå vår sjukeheim kunne paralysert deler av sentralsjukehuset.