Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sosiologi på norsk

John Nessa Om forfatteren

Repstad, Pål

Sosiologiske perspektiver for helse- og sosialarbeidere

3. utg. 258 s. Oslo: Universitetsforlaget, 2014. Pris NOK 389

ISBN 978-82-15-02350-2

Sosiologi handlar om emne ein ofte snakkar om utan å forstå det særleg presist: rolle og makt, profesjon og profesjonskamp, gruppe og organisasjon. Pål Repstad gav i 1997 ut ei lærebok retta mot grunnutdanninga på høgskular og universitet. Den er blitt ei populær fagbok som no kjem i tredje reviderte utgåve.

Boka er oppdelt i 12 kapittel der dei første sju kapitla omhandlar sosiologiske emne generelt, mens dei siste fem kapitla omhandlar helse- og sosialarbeidarane i møte med pasientar, klientar og andre brukarar av tenestene. Forfattaren presenterer både eit makro- og eit mikrososiologisk perspektiv på emnet. Alle kapitla avsluttar med eit avsnitt om vidare lesing og arbeidsoppgåver.

Det er ei god referanseliste, men emnestikkordregister er utan personstikkord, og akkurat det er ein ørliten mangel. Utsjånaden er keisam. Sjølv om emnet er lite tabloid, omhandlar boka både politisk historie og nåtidsfortellingar om velferdsstaten. Nokre illustrerande bilete ville ganske sikkert gjort fleire lesarar lystne på boka.

Fagområdet er stort, men boka er lettlesen. Pål Repstad er god til å formidle. Han nyttar eksempel dei fleste kan kjenne seg igjen i, har ein jordnær, munnleg og reflektert skrivemåte som inviterer lesaren til å tenke, eventuelt kome med motførestillingar. Kapitla kan med utbytte lesast isolert, dette er ikkje ei bok ein har på nattbordet for å lese frå A til Å. Forfattaren presenterer sjølv ein lesarinstruks i forordet som eg trur det er lurt å følgje.

Dette er ei bok som vil kunne forsvare sin plass på mange pensumlister, også ut over dei snevre helse- og sosialfaga. Ikkje minst vil mange legar kunne ha nytte av å lese boka.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler

Annonse
Annonse