Helseproblem og rusmiddelbruk hos nordtrøndersk ungdom

Arve Strandheim Om forfatteren
Artikkel

Ungdom med tidlege åtferds- og helseproblem utviklar oftare sjølvmordstankar og alkohol- og stoffbruk.

Arve Strandheim. Foto: Maria C. Stuifbergen

Klinisk har ein lenge sett samband mellom rus og dårleg helse hos ungdom og auke i sjølvmordstankar etter puberteten, men det har mangla forsking. I studien ville vi finne prevalensen av alkoholbruk og sambandet mellom bruk av alkohol og åtferds- og helseproblem. I tillegg undersøkte vi risikofaktorar for utvikling av hyppig alkoholbruk, bruk av illegale rusmiddel og sjølvmordstankar gjennom tenåra.

I Ung-HUNT 1 (1995 – 97) vart all ungdom (13 – 19 år) i Nord-Trøndelag undersøkt, totalt 8 983 (91 % av populasjonen i aldersgruppa), med spørjeskjema og målingar. I Ung-HUNT 2 (2000 – 01) vart elevane i 2. og 3. klasse i vidaregåande skule undersøkte. 2 399 ungdomar (81 %) var med i begge studiane. Epidemiologiske tverrsnittsmetodar og prospektive metodar vart nytta.

I 1995 – 97 hadde 80 % av ungdomane prøvd alkohol, 57 % hadde vore fulle og 29 % hadde vore fulle meir enn ti gonger. Det var sterkt samband mellom hyppige alkoholforgiftingar og dårleg helse, særleg gjeldt det vanskar med merksemd, åtferd og kroppssmerte. Tidlege åtferdsproblem og alkoholforgiftingar dobla risikoen for høg alkoholbruk og bruk av illegale rusmiddel seinare i tenåra. Både tidlege vanskar med merksemd, åtferd og kroppssmerte samt angst og depressive symptom var sterkt knytt til utvikling av sjølvmordstankar. Overvekt auka også risikoen for seinare sjølvmordstankar.

Vi konkluderer med at alkoholbruk, særleg episodisk fyll, er vanleg hos tenåringar i Nord-Trøndelag og at dette er assosiert med helseproblem. Ungdom med tidlege åtferdsproblem og ungdom som byrjar å drikke alkohol tidleg, får oftare hyppig alkoholbruk og debut med illegale rusmiddel seinare i ungdomsåra.

Disputas

Arve Strandheim disputerte for ph.d.-graden ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 10.5. 2013. Tittelen på avhandlingen er Substance use and health problems in adolescents. The Young-HUNT study, North-Trøndelag, Norway.

Anbefalte artikler