Nyttig om produksjonen av medisinske sanningar

Olav Helge Førde Om forfatteren
Artikkel

Evans, Imogen

Thornton, Hanzel

Chalmers , Iain

Testing Treatments – Hva virker?

2. utg. 197 s, tab, ill. Oslo: Kunnskapssenteret, 2013. Pris Gratis nedlastbar

ISBN 978-82-8121-541-2

For sju år sidan skreiv Peter F Hjort ei omtale av den engelske førsteutgåva og kalla den «viktig, skremmende og oppmuntrende». Denne karakteristikken er det rimeleg lett å slutte seg til, sjølv om den gode Peter Hjort nok ville ha leitt etter oppmuntrande teikn på at dei problemstillingane forfattarane tek opp, får tilfredsstillande merksemd mellom beslutningstakarar og utøvarar og i allmenta.

Første utgåva fekk stor merksemd, og den engelske versjonen av andre utgåve kom i 2011. I tillegg til ein revidert tekst har det i denne utgåva mellom anna kome til eit kapittel om screening og eit kapittel om forskingsetikk. Det er andre utgåve Kunnskapssenteret no prisverdig nok har fått omsett, og som er lagt ut på nettet til fri nedlasting.

Kort fortalt er boka ei kritisk, men etter mi meining balansert, framstilling av prosessane, drivarar og fallgruver knytt til produksjonen av medisinske sanningar. Den er halden i eit enkelt språk, og layouten er spartansk. Målgruppa er svært brei, frå pårørande og pasientar til helsearbeidarar og kliniske forskarar. Det kan synast halselaust å ha ambisjonar om å nå fram så breitt, og sjølv om framstillinga støttar desse ambisjonane, vil det nok vere mellom helsestudentar og helsearbeidarar at boka vil bli høgast verdsett.

Boka er svært lettlest, den har om lag 155 sider tekst, og denne er delt inn i 13 korte kapittel med oppsummerande hovudpunkt. Kapitteloverskriftene inneheld titlar som Ny – men er den bedre?, Mer er ikke nødvendigvis bedre, Hvordan håndtere usikkerhet i forbindelse med medisinsk behandling? og Ta hensyn til tilfeldighetenes spill.

Dette er ikkje ei lærebok i forskingsmetode, snarare gjev den nyttige og spennande vinklingar og perspektiv på det ein får presentert som dokumentasjon, og som ein sjeldan eller aldri finn i lærebøker. Nærast til ei lærebok vil den vere innanfor feltet kunnskapshandtering, som etter kvart er vorte pensum ved dei fleste helseutdanningane.

Men vi kan ikkje vente til den neste generasjonen helsearbeidarar får augo opp og is i magen. Alle som tek avgjerder i helsetenesta, treng denne boka no, frå dei som sit pasientane nærast, til dei som tek dei store overordna beslutningane på helsepolitisk nivå. Dei vil alle ha stor nytte av å lese denne vesle boka. Nokre få vil vere kritiske og skuffa over å miste sin over-entusiasme, sin over-optimisme og skråsikkerheit, men dei fleste vil nikke attkjennande til dei mange kritiske perspektiva.

Til både den engelske og den norske utgåva er det utvikla nettsider som inneheld lenker til ekstra ressursar, som hjelp, forklaring og illustrasjon av prinsippa og bodskapane.

Anbefalte artikler