God som vitskapshistorie

Marit Halonen Christiansen Om forfatteren
Artikkel

Ness, Roberta B.

Genius unmasked

225 s, ill. Oxford: Oxford University Press, 2013. Pris GBP 20

ISBN 978-0-19-997659-1

Boka er ikkje særskilt stor, men lover på vaskesetelen å «avsløre den sanne naturen til geniet» (mi omsetjing).

Teksten er på amerikansk-engelsk og relativt lettlest. Det er 16 kapittel, der alle med unntak av innleiing og avslutning er bygd opp over same lest: Forfattaren fortel om eit geni, før ho går gjennom kva teknikkar ho eller han har nytta for å nå sine resultat, og summerer opp dette i tabellform.

Roberta Ness formulerer 11 verktøy for innovasjon, verktøy som i alle fall for meg verker kloke når ein skal angripe eit spørsmål.

Fyrst av alt, finn det rette spørsmålet. Deretter kjem observasjon, trekke veksel på analogiar og induksjon og deduksjon frå det ein har funne. Hugs å tenke utanfor boksen, både ved å endre perspektiv og sjå ting i ein utvida kontekst. Forsøk å dissekere problemet – om du ikkje kan løyse heile, kan du kanskje løyse enkeltdelane?

Snu på spørsmålet, skift på rekkefølgen av det du tenkjer, og del med andre – kanskje kan dei sjå noko du ikkje ser, og vice versa.

Har du høyrt det før? Det var det eg tenkte då eg las dette innleiande kapittelet. Det at noko har vore sagt før, gjer det sjølvsagt ikkje mindre sant, så eg las optimistisk vidare. Eg synast det er vanskeleg å tenkje utanfor boksen om eg først har kome inni den, så kanskje kunne eksempla frå geni som Darwin, Einstein og Marie Curie hjelpe meg.

Ettersom eg las boka på oppdrag forsøkte eg verkeleg å kjenne etter, men nei. Eg likte boka – som vitskapshistorie. Eg vart minna om Milgram sine eksperiment og lærte nye ting om p-pilla. Eg fann omsider ut kva TCP/IP står for, og hugsa at epidemiologi faktisk er spanande.

Etter vaskesetelen følte eg ikkje at boka heldt ord. Forfattaren går seg nærast litt vill, før ho omsider i dei siste kapitla kjem på kva det var ho eigentleg skulle gjere. Der forsøker ho å hente seg inn att, og konkluderer med av vi «no har demystifisert geniet» og kan bringe desse verktøya vidare til barn for å skape ein ny generasjon av geniale vitskapsmenn og -kvinner.

Min konklusjon er noko annleis, boka gledde meg med historiene sine, men diverre ikkje meir.

Anbefalte artikler