Måler vi det vi bør måle?

Egil Romslo Schistad Om forfatteren

I kva grad fortel karakterar frå prøver om faktisk kunnskap, haldningar og ferdigheiter hos studenten? Og er dette kunnskap, haldningar og ferdigheiter folk som tilset legar ser på som relevante for den jobben dei skal utføre? I eit innlegg i Tidsskriftet nr. 15/2013 ønsker Gjersvik at vi skal ha det litt meir «slik det er i utlandet» (1). Eg har det siste semesteret vore Erasmus-student i «utlandet», avdeling Innsbruck, der eg har hatt kontakt med andre medisinstudentar frå rundt omkring i Europa. Det verkar å vere særs stor skilnad i bedømming av studentar. Dette går både på type eksamenar, nivå og karaktersetjing.

Den ordinære medisineksamenen i Innsbruck er til dømes årlege multiple choice-eksamenar. Ingen av desse til saman fem eksamenane dømmer studenten i klinisk dugleik eller i særleg grad klinisk tenking. Andre utanlandsstudentar fortel om gode standardiserte prøver som dei opplever skil godt mellom sentrum og periferi i faget. Sjølv hadde eg to muntlege spesialeksamenar fordi eg var utanlandsstudent. På min eksamen i augesjukdommar fekk eg to stikkordsspørsmål før «der Professor» var lei og gav meg toppkarakter etter tre minutt. Eg kjem sjølvsagt til å legge ved denne karakteren når eg søker turnus – sjølv om den ikkje er verdt skrivemaskinpapiret den er skriven ut på.

Ein treng dessverre å studere i utlandet for å oppleve variabel eksamensavvikling. Gjersvik har sjølv gått gjennom rundar med OSCE-eksamensforma i hud på 6. semester. Kvifor? Jo, eksamen er vanskeleg! Gjersvik synest å bruke OSCE og klinikkeksamenar i Noreg så vel som i utlandet som «validitets- og reliabilitetsvitne». Han hevdar at karakterar er reliable og valide og gir eit godt screeningverktøy for tilsetjing av nye legar. Eg er ikkje så fullt så sikker på det. Sjølv har eg sett lite reliabilitet og mykje variabilitet.

Gledeleg nok har eg også erfart at studiekvaliteten i Oslo er godt over gjennomsnittet. Eg er stolt over å studere ved Universitetet i Oslo og eg takkar både Gjersvik og andre gode professorar og lektorar for god undervisning og tilbakemeldingspraksis.

Det Gjersvik bruker som argument for karakterar er akkurat det same som eg bruker mot karakterar. Som student i Oslo har eg hatt gleda av å ha Gjersvik i terminen om hud. Eg har hatt stor sans for den pedagogiske tankegangen hans og ynskjet om å utdanne legar som tenker kritisk og kan vurdere mellom ulike og til dels motstridande funn. Men: Karakterane må måle det som er viktig for å kunne «trøste, lindre og nokon gongar helbrede». Prøvene må vere nokonlunde like slik at det er mogleg å samanlikne meg og dei som eg konkurrerer mot. Eg meiner vi ikkje er der. Slik eg ser det, er det to alternativ for å komme dit: Vi tek karakterar med ein klype salt og konkurrerer ut ifrå andre kriterium om jobbane, til dømes referansar, intervju og arbeidserfaring. Eller så kan Gjersvik og kollegaene hans innføre fleire «kontinentale» treminuttseksamenar.

Dette er en redigert versjon av et innlegg publisert som rask respons på nett 22.8.2013. http://tidsskriftet.no/article/3040775/

1

Gjersvik P. Bestått/ikke-bestått – en historisk parentes? Tidsskr Nor Legeforen 2013; 133: 1549. [PubMed]

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler