Stimulerer til sjølrefleksjon

Odd Kvamme Om forfatteren

Fastvold, Morten

Hva gjør oss friske?

Helsens og helbredelsens filosofi. 267 s. Oslo: Lava forlag, 2013. Pris NOK 297

ISBN 978-82-998827-1-2

Forfattaren stiller eit eksistensielt spørsmål. Etter å ha lest boka står det dessverre framleis ubesvart.

Boka er mynta på alle. Den vil ha størst interesse for helsepersonell og dei som praktiserer alternativ medisin. Helsejournalistar i dagspressa bør lese den. For legar stimulerer den til kritisk sjølvrefleksjon over eige fag, og korleis andre kan oppfatte oss. Forfattaren beskriv utviklinga av moderne medisin, som for ikkje lenge sidan var «alternativ». Han fortel derimot lite nytt, for dette tankegodset er for lengst allmennmedisinsk felleseige som er i ferd med å spre seg til resten av det medisinske miljøet.

Gjennom ni kapittel tek forfattaren oss på leiting etter «livskrafta», det han meiner held oss friske. Han minner legar om å heve blikket frå PCen og dokumentert skulemedisin og sjå individet framfor oss i fri biopsykososial utfalding. «Legekunsten» vert med rette etterlyst, den har kome i skuggen av vår tids teknisk-diagnostiske utvikling.

Forfattaren refsar dei fleste, både legar, alternativbehandlarar, legemiddelindustri, presse og politikarar. Legane får mest pepper, pasientane går fri. Mon tru om ikkje også dei bør ta meir ansvar og legge om forventningar og stil?

Eit gjennomgåande tema er at legar ikkje ser sjela. Bildet av legen er til dels karikert, som den smalsynte naturvitskapeleg tenkjande ateistiske nerden som ikkje ser heile mennesket, berre kroppen som maskin gjennom sine naturvitenskapelege briller. Legen i boka drep sjukdom, men verdset ikkje å styrke individet og den ibuande evna til sjølvlækjing som gjer at me overlever, trass alt. For denne legen er placebo eit unyttig bias.

Fastvold sprenger vidopne dører. Allmennmedisinsk grunntenkjing er i dag å sjå individet som kropp og psyke i samspel med sitt miljø, og behandlingsstrategiar er ofte å styrke kropp og psyke samtidig, i staden for ei pille for alt som plager. Pasienten si forteljing og tolking av eigne symptom er tillagt stor vekt, og øyrene, ikkje MR, er vårt viktigaste diagnostiske instrument. Dei fleste moderne legar eg kjenner, er opne overfor uforklarte fenomen, og me er i pinleg grad oppmerksame på begrensingane til faget. Ellers har forfattaren feiloppfatta at antioksidantar er skadelege. Det får stå for hans rekning.

Livskrafta som forfattaren vil ha fram i lyset og inn i skulemedisinske behandlingsregime er ikkje lett å få tak i, heller ikkje i teksten. Eg står att med ei blanding av fysiologisk ukjente faktorar, mentale, åndelege verdiar, meistring, placebo, tru, meining, karakter og haldningar. Når eg prøver å følgje med inn i det filosofiske landskapet i kapittel 7, mister eg losen av syne.

Han skal ha takk for at han vil fremje legekunsten, som må vere heva opp over alle typar dogmatikk og kan stimulere livskraft og meistring. Der er eg einig.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler