Akuttmedisinen treng legevaktlegen

Sverre Rørtveit Om forfatteren

Petter G. Kindt og medarbeidarar har i Tidsskriftet nr. 11/2013 skrive ein viktig kommentarartikkel (1), der eg likevel ikkje er einig i alt. Dei beskriv reelle problem, først og fremst om manglande involvering frå legevaktlegane i dei akuttmedisinske tilstandane, og at legane altfor ofte overlet til ambulansepersonell å utføre diagnostikk, behandling og destinasjon for vidare transport.

Forfattarane stiller det essensielle spørsmålet: «Ønsker vi i fremtiden en stasjonær legevaktlege som distanserer seg fra prehospital akuttmedisin og overlater svaret til ambulansetjenesten?» Dei skisserer så nokre handlingsalternativ for organisering av respektive legevaktene – dersom svaret skulle vere nei – og for utdanning og kompetanseformalisering for ambulansepersonell – dersom svaret skulle vere ja.

Hovudproblemet mitt med artikkelen er at det ser ut til at svaret deira er «ja»: «Basert på vår erfaring mener vi dette er veien å gå,» skriv dei, og det ser ut til at dette peiker attende på auka utdanningsnivå, kompetanseheving og formell forskriftsfesting av ambulansenivået.

Mi meining er tvert om at eg ikkje ønsker den stasjonære legevaktlegen som distanserer seg frå akuttmedisinen, og eg vil kort grunngje det slik:

Frå min kommune, Austevoll i Hordaland, har me publisert to artiklar som beskriv alle akuttmedisinske hendingar i kommunen i toårsperioden 2005 – 2007 (2, 3). Av funn i studien vil eg framheve at talet på diagnoser ved dei 236 akutthendingane som legen vurderte, var 62. Med andre ord er den udifferensierte akuttmedisinen ved helsepersonellet sin første kontakt med pasienten, ein svært variert arena.

Den innskrenkar seg ikkje til eit fåtal kjernetilstandar, der intensiv trening i prosedyrer er det som er viktig. At mange akutte situasjonar er prega av diffus og raskt endrande symptomatologi, gjer at ein generelt høg medisinsk kompetanse er viktig for å gjere rette handlingar og få pasienten til rett nivå.

Eit anna funn gjeld den endring av alvorsvurdering som skjer i forløpet av ein akuttmedisinsk aksjon. I vårt materiale nedgraderte legen den initiale alvorsvurderinga ved meldingsmottaket i 42 % av tilfella, då ho eller han faktisk fekk undersøkt pasienten. Med andre ord er det behov for ein høg grad av diagnostisk utelukkingskompetanse i den prehospitale akuttmedisinen.

Kanskje like viktig er det at alvorsgraderinga vart auka i 11 % av tilfella. Det viktige for å kunne forstå eller gjenkjenne at ein tilstand er meir alvorleg enn ein først hadde tenkt, er å ha generelt gode medisinske kunnskapar.

Eg synest at desse enkle kjensgjerningane burde vere nok til å forstå at den medisinske profesjonen, legen, er essensiell i akuttsituasjonane.

Det finst ikkje noko datamateriale som beskriv variasjonen av utdannings- og kompetansenivå hos ambulansearbeidarar. Realiteten er nok at den høge kompetansen som mange legar skulle ønska at skulle finnast i ambulansetenesta, i mange tilfelle ikkje er der, og at det er slik desto lenger ein kjem frå dei geografiske sentra. Nesten-lege-ambulansearbeidaren vil aldri komme til å bli hyppig i utkantane.

Dette er en redigert versjon av et innlegg publisert som rask respons på nett 23.6.2013. http://tidsskriftet.no/article/3019306/

1

Kindt PG, Momyr M, Sundland E et al. Prehospital akuttmedisin uten legevaktlege? Tidsskr Nor Legeforen 2013; 133: 1176 – 7. [PubMed]

2

Rørtveit S, Hunskår S. Akuttmedisinske hendingar i ein utkantkommune. Tidsskr Nor Legeforen 2009; 129: 738 – 42. [PubMed]

3

Rørtveit S, Hunskår S. Akuttmedisinsk handsaming i ein utkantkommune. Tidsskr Nor Legeforen 2009; 129: 735 – 7. [PubMed]

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler