Folkehelse med vidvinkel – smålåten og ambisiøs

Hilde Engjom Om forfatteren
Artikkel

White, Franklin

Stallones, Lorann

Last, John M.

Global public health

Ecological foundations. 355 s, tab, ill. Oxford: Oxford University Press, 2013. Pris GBP 40

ISBN 978-0-19-975190-7

Omslaget er dekorert med duse jordfargar, og med sine 300 tynne sider er ikkje dette ei bok som i kraft av storleik ropar etter status og fagleg tyngd. Tittelen røper meir av målet til forfattarane: å skildre global samfunnsmedisin i eit økologisk perspektiv. Eg spør meg sjølv om det er mogleg å skildre helse sett i samband med samspelet mellom levande vesen og med omgjevnadene?

Det er ni kapittel og eit omfattande kjelderegister. Oppbygginga er logisk og lett å følgje. Etter innleiinga om utvikling av samfunnsmedisin og folkehelse som fagområde, følgjer ei oppsummering om kunnskapsgrunnlag for samverknaden mellom helse og omgivnadene, både fysisk, biologisk og sosialt miljø. Filosofi og etikk vert kort omtalt, før forfattarane går inn i kjernetemaet. I dei neste fem kapitla drøftar dei helse og forankring i lokalsamfunn, metodar for å måle helse og planlegge tiltak, samspelet mellom folkehelse og luft, vatn og mat. Oppbygginga av helsetenesta både lokalt og internasjonalt vert omtalt med tydeleg skildring av samspelet mellom internasjonale, statlege og frivillige organisasjonar. I siste kapittel tek forfattarane for seg global økologi og nye utfordringar som følgje av klimaendringar, befolkningsmønster, globalisering av matproduksjon og omsetjing, og auken i livsstilssjukdommar.

Dei tre forfattarane har omfattande vitskapeleg og praktisk erfaring med folkehelse, yrkesmedisin og epidemiologi. Boka er skriven på akademisk engelsk med dels lang setningsbygning. Teksten flyt fint ved lesing og stiller ikkje krav til medisinsk bakgrunnskunnskap. I alle kapitla vert konkrete døme frå ulike land, tekstboksar og figurar brukt til å utdjupe viktige element i drøftinga. Teksten er trykt med lettleseleg, men liten font. Tekstboksar, figurar og tabellar er haldne i grå fargetonar utan sløsing med plass.

Boka er etter mitt syn for omfattande til å nyttast som kjernepensum ved medisinsk grunnutdanning. Den gir ein god introduksjon til faget for legar i spesialisering i samfunnsmedisin. Den allmenne vinklinga legg til rette for teksten som nyttig og interessant lesing for legar og helsepersonell med interesse for epidemiologi, folkehelse og ikkje minst som førebuing for arbeid innan global helse.

Forfattarane når målet om å setje global helse inn i eit vidare perspektiv. Dette er ei grundig og generell innføring som kan vere nyttig lesing for legar og helsepersonell så vel som journalistar, politikarar og andre som har interesse for temaet.

Anbefalte artikler