Nyttig for nybyrjarar

Jeanette Bjørke-Bertheussen Om forfatteren
Artikkel

Chisolm, Margaret S.

Lyketsos, Constantine G.

Systematic psychiatric evaluation

A step-by-step guide to applying the perspectives of psychiatry. 243 s, ill. Baltimore, MD: The Johns Hopkins University Press, 2012. Pris USD 30

ISBN 978-1-4214-0702-9

Denne boka bygger i stor grad på The Perspectives of Psychiatry av legane McHugh og Slavney, som kom ut første gong i 1986 og i revidert utgåve i 1998. Chisolm og Lyketsos, som begge jobbar ved Johns Hopkins University Medical School, ønsker med denne boka å gi ei praktisk «oppskrift» på korleis denne framgangsmåten og tenkinga kan nyttast i klinisk arbeid. Målgruppa er i første rekke medisinstudentar og andre som er ferske innan psykiatri.

Boka er delt i to, der forfattarane i den første delen kort skildrar kva «Perspective»-modellen går ut på, og i den andre viser dei denne framgangsmåten i praksis ved hjelp av ni pasientkasuistikkar.

Det er oppsummeringspunkt i slutten av kvart kapittel, enkle diagram der det er relevant, og heilt til slutt er det to vedlegg med heile den psykiatriske kartlegginga som mal, samt ei «bedside» psykisk status presens.

Boka er oversiktleg og strukturert. Det er ein del gjentaking, og språkmessig skin det gjennom at boka er mynta på studentar med unødvendig mykje forklaring av det openlyse.

Forfattarane meiner at psykiatriske tilstander ikkje bør sjåast på som eindimensjonale sjukdomar, men best kan belysast ved hjelp av fire perspektiver: sjukdom (disease), personlegdom/intelligens/temperament (dimensional), åtferd (behaviour) og livshistorie (life story). Ved systematisk å vurdere kvar og ein av desse perspektiva som mogleg forklaring for pasienten si tilstand, er ein betre rusta til å formulere ein effektiv behandlingsplan. Pasientkasuistikkane er informative og oppleves klinisk relevante, og gir gode døme på kva som meines.

Chisolm og Lyketsos slår eit slag for å unngå å bli kun mekanisk diagnosefokusert, og heller systematisk vurdere andre perspektiver også. Grunnsteinen for å kunne gjere det er ei god psykiatrisk evaluering, som blir demonstrert til det fulle her.

Ei god bok for nybyrjarar, og nyttig som påminning for dei litt meir erfarne også.

Anbefalte artikler