Leseverdig om rasjonalisme og nazisme

Jeanette Bjørke-Bertheussen Om forfatteren
Artikkel

Yalom, Irvin D.

The Spinoza problem

A novel. 321 s. New York, NY: Basic Books, 2013. Pris USD 15

ISBN 978-0-465-06185-3

Baruch Spinoza (1632 – 1677), eller Benedict som han også er kalla, var ein nederlandsk, jødisk filosof som levde på 1600-talet. Han reknes for å vere ein av dei store filosofane innan rasjonalisme. Alfred Rosenberg (1893 – 1946) blei rekna for å vere ein leiande teolog i utforminga av politikken i nazistpartiet under 2. verdskrig. Han blei dømd til døden under rettsaka i Nürnberg etter krigen og hengd.

Yalom har skrive ein skjønnlitterær roman der han blandar reelle hendingar og fiksjon kring desse to personane. Det er ikkje definert ei særskilt målgruppe, men dei som likar Yalom sine tidlegare romanar, t.d. Lying on the couch, kan like denne også.

Romanen er på engelsk, men finnes også i norsk oversetjing. Språket er lett å følge. Kvart kapittel omhandlar vekselvis Spinoza og Rosenberg, og pendlar såleis fram og tilbake i tid.

Romanen er fengslande. Sjølv om ein veit historisk kva som skjedde med Spinoza og Rosenberg, vekker forfattaren nysgjerrigheita og interessa, så ein blar fort vidare til neste side. Yalom, som er professor i psykiatri, gir eit godt bilete av korleis det kan tenkes at Spinoza og Rosenberg opplevde kvar sine turbulente tider og konflikter. Yalom har gode kunnskapar om begge subjekta, og romanen kan gi ei kort innføring i tenkesetta til desse to mennene, som har påverka historia på kvar sin måte.

Anbefalte artikler